Norge digitalt si plansatsing for 2018–2020 gjev stønad til kommunar som ønskjer å geosynkronisere sine plankartdata gjennom Geonorge.

For kommunen kan geosynkronisering av plandata lette arbeidet da dei slipp å levere data manuelt. I tillegg kan høringspartar få tilgang til vektoriserte høringsforslag. Dei kan da enkelt ta i bruk karta i sine verktøy og gjere direkte analysar mot andre kartdata. Dette effektiviserer arbeidet.

Alle partar i Norge digitalt har tilgang til digitale geosynkroniserte plankart gjennom Geonorge. Det gjer at partane kan hente ferske plandata på éin stad, og dei slipp å kontakte kvar enkelt kommune.

Kartverket koordinerer plansatsinga for Norge digitalt, og dei opplever stor pågang frå kommunar som ønskjer å sette opp geosynkronisering av plankartdata. Kommunar som får stønad må setje opp synkronisering for alle planstatusar til Geonorge.

Norge digitalt har ei målsetting om å støtte dei kommunane som har størst aktivitet (ca. 160 kommunar). Men det er også gjeve stønad til mindre kommunar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Kartverket og regionale partar, og nokre kommunar sett opp geosynkroniseringa på eiga hand. Det er forventa at 200 kommunar synkroniserer sine plankartdata til Geonorge ved utgangen av 2019.

Karttenesta Se plan gjev ei oversikt over kommunar som til ei kvar tid synkroniserer sine plankartdata.

Les om temadata og det offentlige kartgrunnlaget.