Geodataplanen byggjer på innspel om kartleggingsbehov, ulike prioriteringar som Noreg digitalt-partane i fylka spelar inn, og føringar gitt av styresmaktene. Han gjeld for ein periode på fire år og blir revidert årleg.

Det er ulike satsingsområde frå fylke til fylke. Men tema som går att i mange av planane, er  nye kartleggingsprosjekt, kommune- og regionreformane, kvalitetsheving av det nasjonale eigedomsregisteret (matrikkelen), betre tilrettelegging av det offentlege kartgrunnlaget og innføring av vegadresser der dette ikkje er i mål.

Geodataplanen for er ein sentral reiskap i Noreg digitalt-samarbeidet og blir vedtatt av fylkesgeodatautvala i dei ulike fylka. Kartverket er sekretariat for Noreg digitalt.

Her er lenker til alle fylkesgeodataplanane: