– Dette er eit viktig bidrag til auka sjøsikkerheit for fritidsflåten, og eit framsteg for å syrgje for oppdaterte elektroniske sjøkart til ei stor og viktig brukargruppe for Kartverket, seier direktør Birte Noer Borrevik i sjødivisjonen.

Stiller krav til kartplottar-produsentane

– Fritidsbåtbrukarane Kartverket har vore i kontakt med på ulike arenaer har over lengre tid uttrykt behov for oppdaterte sjøkart i sine kartplottarar. Mange ynskjer også ferske data direkte frå Kartverket, seier Gjertrud Røyland i formidlingstenesta i Kartverket.

Kartverket har lytta til tilbakemeldingane og med bakgrunn i desse har dei avgjort å stille større krav til produsentane av kartplottarar som nyttast om bord i fritidsbåtar. Gjennom ein revidert avtale forpliktar produsentane av kartløysingar seg til å laste ned oppdaterte data minimum ein gong i månaden frå Kartverket. Samstundes skal også sluttbrukarane få moglegheit til å oppdatere sjøkarta via produsentane si eigen oppdateringsordning, gratis eller mot betaling.

– Sjekk om produsenten tilbyr oppdaterte kart

Produsentane/distributørane som lastar ned oppdateringar to gongar i månaden kan skilte med eit ekstra «stempel» i sin marknadsføring som seier at «Kartinnholdet er oppdatert i henhold til Kartverkets standard». Dette betyr at kartinnhaldet er på nivå med dei offisielle norske sjøkarta (POD) som oppdaterast med rettingar frå Etterretninger for sjøfarende (Efs) kvar fjortande dag.

– Det er kring 750 000 fritidsbåtar i Noreg viser estimerte tal frå Sjøfartsdirektoratet. Vi håpar at fleire fritidsbåtførarar no kjem til å segle med oppdaterte sjøkart på sin kartplottar. Kartverket vil også oppmode båtførarane til å sjekke med produsenten av sin kartplotter at dei tilbyr oppdaterte kart, seier Røyland.

Elektroniske sjøkart til kartplottarar, basert på sjøkartdata frå Kartverket, blir tilbydd av 15 distributørar. Sjå oversikt over kven distributørane er og kor ofte desse oppdaterer sine sjøkart.

Kartverket tilbyr også elektroniske sjøkartdata gjennom gratis programvare. Les meir i artikkelen «Norske elektroniske sjøkartdata i OpenCPN».

ENC vs. kartplottar

Produsentar av elektroniske sjøkart til kartplottarar kan få tilgang til kartdata frå Kartverket som dei nyttar i sin programvare. Desse kartløysingane er ikkje offisielle og regnast ikkje som autoriserte sjøkart. Det er altså forskjell på offisielle elektroniske sjøkart (ENC) til bruk i eit ECDIS (Electronic Chart Display and Information System), som er regulert av internasjonale standardar, og elektroniske sjøkart som brukast i kartplottarar.

Les meir om ENC på kartverket.no og www.primar.org.

Kontakt

Gjertrud Røyland
Formidlingstenesta
Kartverket sjødivisjonen
Tlf. 51 85 87 54
gjertrud.royland@kartverket.no

Sissel Kanstad
Kommunikasjonsrådgivar
Kartverket sjødivisjonen
Tlf. 51 85 88 28 / 995 13 848
sissel.kanstad@kartverket.no