Border GO er med andre ord ikkje ein ferdig app som vanlege folk kan laste ned og sjekke grenser med, men føreligg altså som ein prototype som utviklarar og andre interesserte kan bygge vidare på.

- Kjeldekoda kan nyttast som grunnlag for utvikling av andre app-ar og med andre datasett enn det som blir brukt i prototypen per i dag, seier prosjektleiar Kenneth Bahr i Kartverket.

Han oppmodar andre til å bygge vidare på kjeldekoda, bruke andre datasett frå Kartverket eller inkludere eigne data.

– Her er det mange moglegheiter for utviklarar og andre! Det er eigentleg berre fantasien som set grenser. Kva med ein applikasjon som kan visualisere havbotnen, leidningsnettet under bakken eller havnivåstigninga? utfordrar Bahr.

Datasett

I prototypen brukast fire datasett frå Kartverket: Høgdedata, matrikkeldata med eigedomsgrenser, ortofoto (flyfoto) og bakgrunnskart.

Høgdedata er viktig for å visualisere og framstille matrikkeldata på bakken. Kartverket har gjennom Border Go avdekka behovet for å lage ei ny teneste som gjer høgdedata med høgast oppløysing lettare tilgjengeleg på nye plattformer. Innan denne er klar, så har Kartverket ei open teneste som leverer høgdedata med grovare oppløysing. Denne tenesta blir støtta av prototypen og er tilgjengeleg på Geonorge.no.

Datasetta med ortofoto og matrikkel er per i dag ikkje opne.

Google Tango

Border Go er for Android-einingar som støttar Google Tango. Per no gjeld det berre to telefonar (Asus Zenfone AR og Lenovo Phab 2 Pro). Desse har meir avanserte sensorar som saman sporar rørsler og byggjer opp ein modell av dei fysiske omgjevnadane. Teknologien kan nyttast av utviklarar til å finne løysingar innafor mellom anna navigering innandørs, 3D-modellering, oppmåling og attkjenning av fysiske omgjevnadar.

Google vedtok hausten 2017 å halde fram med Tango som ein ny AR-plattform (ARCore) for telefonar utan dei spesielle sensorane som Tango-telefonane nyttar. Det inneber at ein kan nå ut til langt fleire brukarar, sidan mange av dei nyaste telefonane med Android 7.0 og høgare er støtta. Difor har Kartverket byrja tilpasse Tango-prototypen til ARCore. Arbeidet er ikkje ferdig, og ARCore-protypen fungerer difor ikkje stabilt. Kjeldekoda er likevel tilgjengeleg med opplysningar om attståande arbeid, slik at utviklarar og andre allereie no kan teste ARCore-versjonen.

Gevinsten for brukarane

- Kartverket er innovative i bruken av AR-teknologi. Vi har løyst mange av utfordringane med å kombinere geografisk informasjon med AR-teknologien på telefonen. I tidlegare AR-applikasjonar kunne ein til dømes sjå retning og avstand til restaurantar og butikkar, men ved hjelp av våre datasett er det no mogleg å visualisere geografiske data rett i terrenget. Det er nyttig for ein utviklar, seier prosjektleiar Bahr i Kartverket.

Vegen vidare

Kartverket ønsker utvikle prototypen til Border GO vidare. I desember 2017 inviterte vi difor til ein dialogkonferanse for å sjå på kva slags moglegheiter som finst. Intensjonen er å lyse ut ein anbodskonkurranse i første halvår 2018.

Les meir