Se havnivå kan du bruke musa til å markere eit område i grafen du vil zoome inn på, eller bruke to fingrar på nettbrett og telefon. Dette gjeld grafane på fanene Vannstand og Historiske data. Du kan flytte deg i grafen ved å halde nede shift og dra med musepeikaren, eller ved å dra med to fingrar.

Betre datagrunnlag

Kartverket har 24 permanente vasstandsmålarar som gjev deg observert vasstand i nær sanntid på Se havnivå. For alle desse føregår det no ein totalgjennomgang der målet er å rette opp alle kjente målefeil.

Vasstandsmålarane er klassiske flottørmålarar der ein flottør flyt på vassflata. Eit kjede er festa i flottøren og heng over eit tannhjul med eit lodd i den andre enden. Flottøren flyt litt djupare eller litt høgare i vatnet avhengig av kor mykje kjede som er på kvar side av tannhjulet og om loddet heng i lufta eller når ned i vatnet. Det gjev små målefeil på nokre få millimeter som no blir retta opp.

– Korreksjonane vi gjer på datasetta er så små at dei aller fleste brukarane våre ikkje vil merke det og dei treng heller ikkje bry seg om dei. Men for nokre brukarar av lange vasstandsseriar er det viktig med så god presisjon som mogeleg, fortel oseanograf Aksel Voldsund i Kartverkets sjødivisjon.

NB: Artikkelen vil bli oppdatert med meir informasjon etter kvart.

Korleis kan Se havnivå bli betre?

Kartverket planlegg også ei ny runde med vidareutvikling og feilretting på nettenesta. Det er difor eit godt tidspunkt å kome med tilbakemeldingar eller ønskje for Se havnivå. Send innspel på e-post til kundesenter@kartverket.no.