Måndag 11. juni blei granittsøyla Jæren basis nord avduka av pensjonert geodet Bjørn Geirr Harsson. 

Frå Jutland til Ullandhaug

Senioringeniør Egil Sølvberg i sjødivisjonen ønska at granittsøyla skulle bli teken vare på for framtida, som eit fornminne frå klassisk oppmåling i Noreg. Etter å ha studert flyfoto drog han ut til Jutland på Jæren for å leite etter granittsøyla. Han fann ho til slutt, nokre meter bortanfor der den i si tid blei plassert, som ein del av ein steingard.

Kartverket tok kontakt med grunneigarane på begge sider av steingarden og blei einig om ei løysing, slik at granittsøyla knunne flyttast frå Jutland til Ullandhaug.

STEINGARD: Senioringeniør Egil Sølvberg fann granittsøyla for basis Jæren nord inni ein steingard på Jutland. Foto: Egil Sølvberg

Basisar i Noreg

Under oppmålinga av Noreg blei det etablert eit nett av trekantar (trigonometriske punkter) som dekka heile landet. Ein la inn såkalla basisar (rett linje målt svært nøyaktig) for å skaffe ein målestokk i trekantnetta av oppmålingspunkt. Endepunkta blei merkte med støtter av stein og målemerke i ein bolt på toppen. Til saman18 basisar blei oppretta i tidsrommet 1850 til 1935.

Granittsøyla for Jæren basis syd er plassert utanfor Kartverkets hovudkontor på Hønefoss.

I Kartverkets verneplan for kart og oppmåling kan du lese meir om basisar og andre verneverdige fornminne frå klassisk oppmåling i Noreg.

Markering med historiske foredrag

Måndag 11. juni blei granittsøyla som har hatt oppgåve som basispunkt Jæren nord, avduka av pensjonert geodet Bjørn Geirr Harrson.

I tillegg fortalde Egil Sølvberg historia om granittsøyla sin vandring frå Jutland til Ullandhaug, før Bjørn Geirr Harrson heldt eit foredrag om ganittsøyla sin historie og betydninga for den moderne kartlegginga av Noreg. Fylkeskartsjef i Stavanger, Steinar Wergeland, leidde arrangementet.

Frå venstre: Fylkeskartsjef Steinar Wergeland, pensjonert geodet Bjørn Geirr Harrson og seinoringeniør Egil Sølvberg.