Temadata vert i hovudsak produsert av nasjonale etatar. Dei dekker fagområde som mellom anna natur, geologi, kulturminne, landbruk, friluftsliv og beredskap. Enkelte kommunar produserer også eigne datasett, som til dømes barnetråkk.

Det offentlege kartgrunnlaget (DOK) i Møre og Romsdal

Kvar kommune skal avtalefeste kva for nokre temadatasett som skal inngå i deira DOK. Desse datasetta alltid skal bli tekne omsyn til i kommunens planarbeid og saksbehandling. For å bli godkjent der må eit datasett tilfredsstille strenge krav til datakvalitet og tilrettelegging.

Målet for 2018 er at alle kommunane skal ha bekrefta lister over sine DOK-data.

Vi trur at denne satsinga skal medverke til at ei rekke viktige miljøfaktorar blir tekne endå betre omsyn til i den kommunale forvaltinga.

Plan- og temadatautval 

Arbeidet med temadata vert koordinert av Plan- og temadatautvalget for Møre og Romsdal som består av representantar frå kommune, fylkeskommune, Fylkesmannen, Statens vegvesen og Kartverket.

Andre arbeidsområde

  • Årleg fagdag om temadata for GIS-folk og planleggarar i kommunane
  • Markering av den internasjonale GIS-dagen i samarbeid med vidaregåande skular
  • Rådgjeving ovanfor kommunane om bruk av og tilgang på geodata

Kontaktinformasjon

Kontaktperson ved Kartverket Molde er Sverre Steinnes: sverre.steinnes@kartverket.no.