23 elevar frå Atlanten vidaregåande skule deltok på fagdagen som vart arrangert av plan- og temadatautvalet i Møre og Romsdal.

Foredrag om nedbrytingshastigheter for ulike materialer

TING TAR TID: Ulke material har svært ulik nedbrytingstid. (Foto: Plan- og temadatautvalet.)

Fagdag med prat og noko praktisk

Som innleiing fekk elevane ein gjennomgang av kva GIS/geodata er og kva utdannings- og yrkesmoglegheiter som finst innan fagfeltet. Som døme på praktisk bruk av faget fekk vi deretter fleire spennande innlegg frå eksterne foredragshaldar:

  • Maritim forsøpling ved Fylkesmannen i Møre og Romsdal
  • Søppel på havbotnen ved Havforskingsinstitutt i Bergen
  • GIS i kvardagen ved Geodata i Trondheim.

Fagpraten vart avrunda med online GIS-quiz med utgangspunkt i dagens foredrag og i ortofoto frå distriktet.

Sekkevis med søppel

Etter lunsj vart elevane sendt ut i fire puljar for å kartlegge og samle inn ulike typar søppel langs strendene i nærleiken av skulen. Kartlegginga skjedde ved hjelp av en applikasjon på elevane sine mobiltelefonar. Dei gjennomførte oppgåvene med stort engasjement, og etter ein liten time var fleire store sekkar fylt med søppel frå strendene. Lærarane i skulen kunne følgje med på elevane sin innsats via «operation desktop» på skulen. God innsats under quiz og feltarbeid vart premiert – og sjølvsagt vart det kake pynta med GIS-dagens logo til slutt.