Kartverket Molde er sekretariat for fylkesgeodatautvalet i Møre og Romsdal, og utarbeider utkast til nye geodataplanar. Utkastet er basert på mottekne innspel om kartleggingsbehov, ønska prioriteringar frå partane i fylket og føringar gitt frå myndigheitene.

Det er fylkesgeodatautvalet for Møre og Romsdal som vedtar geodataplanen og hovudsatsingsområda i planperioden.

Hovudsatsingsområda i planperioden 2019 - 2022

Fylkesgeodatautvalet i Møre og Romsdal vil ha følgande satsingsområde i planperioden:

Kommune- og regionreform

  • Sikre god gjennomføring av kommune- og regionreforma i fylket

Sentral lagring av FKB

  • Innføre sentral lagring av FKB-data og plandata
  • Datasett og kartleggingsprosjekt må tilpassast dei vedtekne endringane i kommunestrukturen (samanslåingar og grensejusteringar)

Geodataplanen

Geodataplanen er ein plan for Noreg digitalt-samarbeidet i dei enkelte fylka. Han omhandlar det dei lokale partane samarbeider om eller planlegg å samarbeide om i sin region. Arbeid som dei enkelte partane har ansvar for, men som ikkje er omfatta av samarbeidet, er ikkje ein del av denne geodataplanen.

Planen har av to delar:

  • Eit fellesdokument som er likt i alle fylka i landet. Dette dokumentet inneheld generell informasjon og overordna føringar for det lokale geodatasamarbeidet i Noreg digitalt. Her er det ei kort innføring i korleis Noreg digitalt-samarbeidet er organisert og kva som er dei viktigaste rammevilkåra for samarbeidet lokalt. Dette dokumentet skal vere likt for alle fylke og ikkje endrast lokalt.
  • Ein fylkesgeodataplan som er utarbeidd spesielt for eit fylke eller ein region. Fylkesgeodataplanen handlar om dei aktivitetane det blir samarbeidd om lokalt.

I tillegg er det utarbeida ein handlingsplan (pdf og xlsx) som samstiller alle tiltaka for kvart enkelt prosjekt.