Illustrasjon med et stilistisk Norgeskart og to puslebrukker

Kommunesamanslåingar

  • Volda og Hornindal (no i Sogn og Fjordane) blir til Volda kommune
  • Ålesund, Skodje, Ørskog, Haram og Sandøy blir til Ålesund kommune
  • Norddal og Stordal blir til Fjord kommune
  • Molde, Nesset og Midsund blir til Molde kommune
  • Fræna og Eide blir til Hustadvika kommune

I tillegg skal to kommunar; Rindal og Halsa, skifte fylke til Trøndelag. Halsa blir der ein del av den nye kommunen Heim. Rindal gjekk over til Trøndelag frå 1. januar 2019.

Oppstartsmøte

Kartverket har hatt møter med kvart av kommunesamarbeida i to omgangar.

Først i samarbeid med fylkesmannen der kommuneleiinga (ordførar, rådmann med fleire) har vore hovudmålgruppa, og fokus har vore på meir overordna informasjon om kva som må gjerast.

Deretter har Kartverket på eigen hand hatt møter med fagfolka som skal gjere sjølve jobben med nødvendig opprydding og omkoding i matrikkelen og tilknytta fagsystem. Her har vi hatt gjennomgang m.a. av lister som viser doble adressekoder, vegnamn, krinsnummer og gardsnummer. Det er også sett på avvik mellom grunnbok og matrikkel som det må ordnast opp i før samanslåinga.

Grensejustering

I Møre og Romsdal pågår det også fleire såkalla grensejusteringssaker der ein eller fleire krinsar har søkt om overføring til nabokommunen. Slike saker berører alle samanslåingsprosjekta, med unntak av Hustadvika. Justerings-sakene vert handsama av Fylkesmannen og innstillinga hans skal presenterast på ein pressekonferanse før påske. Endeleg avgjerd vert teken av Kommunal- og moderniseringsdepartementet før sommaren.

Om det blir vedteke justeringar, må ein gå ein ekstra runde med dei involverte kommunane med tanke på å rydde opp i eventuelle nye avvik og overlappingar som oppstår med flytta grenser.

Kontakt

Kontaktpersonar ved Kartverket Molde er Wenche Mork: wenche.mork@kartverket.no og Sverre Steinnes: sverre.steinnes@kartverket.no.