Sentral lagring av FKB-data i Møre og Romsdal

Det er eit overordna mål for prosjektet «Sentral lagring av FKB-data» at all oppdatering skal skje direkte mot Sentral felles kartdatabase for 80% av kommunane i landet i løpet av 2018. Innføringa skjer kommune- og puljevis ut frå ei interesseundersøking blant kommunane frå 2016.

Sjå oversikt over innføring av SFKB i Møre og Romsdal.

Forvalting av FKB-data i kommunane

Kommunane har to alternativ for forvalting av FKB-data:

  1. Påkopla: Oppdatere data direkte i Sentral felles kartdatabase og halde ein lokal kopi oppdatert ved hjelp av geosynkronisering. 
  2. Fråkopla: Oppdatere ein lokal kopi og sende over denne kopien til Kartverket for kontroll og distribusjon i forbindelse med FDV-rundane 1-2 gonger i året. Endringane i kommunens kopi blir då overført til Sentral felles kartdatabase og ny eksport blir tatt ut og sendt tilbake til kommunen for import og vidare ajourhald. Kommunar som ikkje er knytt opp mot SFKB vil følge dette forvaltingsopplegget.

Forvalting av AR5 ved direkte lagring

NIBO tilbyr kommunar som har kopla seg på SFKB ei kort innføring i direkte lagring av AR5. Møta skjer som webinar via Skype. Her vil NIBIO gje døme på kva for kontrollar ein må hugse å køyre før AR5-data blir lagra i basen, og andre nyttige tips. Alt blir vist i programvara som kommunen bruker til dagleg.

Meir om AR5 på NIBIO.no.

FKB 4.6 og Sentral felles kartdatabase

Sentral felles kartdatabase er basert på FKB-versjon 4.6, men alle kommunane i fylket har oppgradert til FKB 4.6 sjølv om dei ikke har tatt i bruk sentral lagring enno.

Produktspesifikasjonane finn du her:

Produktspesifikasjonar for gjeldande FKB-versjon

Unike id-er

Ei viktig endring  som kom med FKB-versjon 4.6 er innføringa av unike id-ar på alle objekt. Dette inneber at alle kartobjekt får tilordna ein eigen id i form av ein UUID, som skal følge kartobjektet i heile kartobjektets levetid.

Les meir om Universally unique identifier (UUID).

Det er denne unike id-en som blir brukt i geosynkronisering, og som også opnar for enklare analyse av hvilke objekt i eit datasett som er endra i andre samanhengar. Unike id-ar genereres på dataene ved import i Sentral felles kartdatabase og ligg på dataene som sendes ut frå Kartverket.

Kommunanes system må:

  • importere id-ane og ta vare på dem
  • håndtere generering av nye id-ar på nye objekt 
  • eksportere id-ane ut igjen i forbindelse med dataleveranser. 

Kontaktperson SFKB

Kontaktperson ved Kartverket Molde er Geir Ingebretsen: geir.ingebretsen@kartverket.no.