Hopp til innhold

FDV-møte Sunnfjord og Sogn

25 Aug 2020
25 Aug 2020
Thon Hotel Jølster,
Skei
Kl. 11:00 - 15:00

Med håp om at situasjonen tillater det, inviterer Kartverket Vestland Geovekstpartane i Vestland fylke til FDV-årsmøte (Forvaltning, drift og vedlikehald). Møtet er hovudsakeleg for kommunane i Sunnfjord og Sogn.

Påmeldingsfrist 18. august 2020. Påmeldinga er ikkje bidande. Sjå «Praktisk informasjon» under.



Program

  • Status og planer v/ Anne Lien
  • Plan og tema v/ Aase Midtgaard Skrede
  • FDV-avtaler og økonomi v/ Haso Bradaric
  • FKB v/ Kristian Aune (Sentral FKB, Vedlikehold FKB, Vegnett)

Fire årsmøte

Det gjenstår fire årsmøte i 2020, og tidspunkt og stad for møta kan finn du i aktivitetskalenderen for Kartverket Vestland

Praktisk informasjon

Vi vil reservere store møterom med god avstand mellom deltakarane. Men sidan situasjonen er usikker, må vi berre sjå når det nærmar seg om det lar seg gjere å ha møta. Påmeldinga er ikkje bindande, og kvar einskild representant må sjølv vurdere om deltaking er ynskjeleg når vi kjem så langt at møta faktisk vert arrangerte.

Det er nok mest praktisk at kvar kommune melder seg på til møtet i sin region, sidan presentasjonane først og fremst vil ta føre seg den aktuelle regionen vi har møtet i, men det er også høve til å melde seg til eit anna møte dersom det passar best.

Velkomen!

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål? Ta kontakt med Anne Lien ved Kartverket Vestland: anne.lien@kartverket.no.