Klikk for å se hele bildet fra Forsand kommune.jpg

Kommunane som blei slått saman er:

  • Stavanger + Rennesøy + Finnøy = nye Stavanger kommune
  • Forsand + Sandnes = nye Sandnes kommune

I tillegg er det vedtatt to grensejusteringar der ein del av øya Ombo vert overført til nye Stavanger kommune, og ein del av Forsand vert overført til Strand kommune.

Takk!

Sjølv om reformen her i fylket ikkje blei så omfattande som den ei stund såg ut til å kunne bli, har reforma ført til ein god del ekstra arbeid for dei involverte kommunane. Kartverket Rogaland ynskjer å takke kommunane for alt det gode arbeidet dei har gjennomført.

Mens kommunesamanslåingar i den førre reformen stort sett handla om å flytte arkiv og menneske frå eit kommunehus til eit anna, har den stadig pågåande digitaliseringa endra samfunnet så mykje at det ikkje lenger berre er snakk om å «flytte papir» til andre kontor. Det er mellom anna gjort eit stort stykke arbeid på matrikkelsida.

Kontaktinformasjon

Kontaktpersonar ved Kartverket Rogaland: steinar.wergeland @ kartverket.no, og  roar.haugland @ kartverket.no.