Illustrasjon med et stilistisk Norgeskart og to puslebrukker

Kommunesamanslåingar

  • Volda og Hornindal (tidlegare i Sogn og Fjordane) vart til Volda kommune
  • Ålesund, Skodje, Ørskog, Haram og Sandøy vart til Ålesund kommune
  • Norddal og Stordal vart til Fjord kommune
  • Molde, Nesset og Midsund vart til Molde kommune
  • Fræna og Eide vart til Hustadvika kommune

I tillegg har to kommunar; Rindal og Halsa, skifte fylke til Trøndelag. Halsa vart der ein del av den nye kommunen Heim. Rindal gjekk over til Trøndelag frå 1. januar 2019.

Takk!

Medan kommunesamanslåingar i den førre reformen stort sett handla om å flytte arkiv og menneske frå eit kommunehus til eit anna, har den stadig pågåande digitaliseringa endra samfunnet så mykje at det ikkje lenger berre er snakk om å «flytte papir» til andre kontor. Det er mellom anna gjort eit stort stykke arbeid på matrikkelsida. Kartverket Møre og Romsdal ynskjer å takke kommunane for alt det gode arbeidet dei har gjennomført.

Grensejustering

I Møre og Romsdal pågår det også fleire såkalla grensejusteringssaker der ein eller fleire krinsar har søkt om overføring til nabokommunen. Slike saker berører alle samanslåingsprosjekta, med unntak av Hustadvika. Justerings-sakene vert handsama av Fylkesmannen og innstillinga hans skal presenterast på ein pressekonferanse før påske. Endeleg avgjerd vert teken av Kommunal- og moderniseringsdepartementet før sommaren.

Om det blir vedteke justeringar, må ein gå ein ekstra runde med dei involverte kommunane med tanke på å rydde opp i eventuelle nye avvik og overlappingar som oppstår med flytta grenser.

Kontakt

Kontaktpersonar ved Kartverket Møre og Romsdal er Wenche Mork: wenche.mork@kartverket.no og Sverre Steinnes: sverre.steinnes@kartverket.no.