Fast innslag på programmet er ein "runde rundt bordet" der alle møtedeltakarane deler aktuelle tema frå sin arbeidskvardag. Dette er eit godt utgangspunkt for erfaringsutveksling og gode diskusjonar. Hovudtemaet for haustmøtet var gjennomgang av lokale mål innan plan- og temadata i geodataplanen for Vestland fylke.

Geodataplan for Vestland fylke.

Eit viktig mål for planarbeidet er å få auka talet på kommunar som geosynkroniserer sine plandata. For temadata ønskjer vi å fokusere meir på lokale DOK-data. For å nå måla vi har sett oss for våre fagområde, ser vi at det er heilt avgjerande å få til gode nettverk i regionane, dette vil vi jobbe meir med når kommune- og regionreforma er overstått.

Referata frå begge møta er no å finne nederst på utvala sine nettsider:

Plan- og temadatautval i Hordaland.

Plan- og temadatautval for Sogn og Fjordane.