Kombinasjonen av nedbør og snøsmelting pga. unormalt høge temperaturar har skapt uventa flaum i Fortunselvi og Mørkriselvi, og dette har ført til omfattande skadar. NVE treng laserdata og flyfoto i oppbyggings- og sikringsarbeid, og Luster kommune og Statens vegvesen deltek også som partar i prosjektet saman med NVE.

Kartverket har sendt ut tilbodsførespurnad, henta inn tilbod og tildelt oppdraget til Terratec AS. Terratec har gjennomført laserskanning og flyfotografering og arbeider no med tilverking av laserdata og ortofoto. Ferdige data vert levert til NVE, kommunen og vegvesenet, og vil inngå som ein del av det offentlege kartgrunnlaget i Sogn og Fjordane.

FLAUM: Kart over flaumområdet i Skjolden der det er gjennomført laserskanning og flyfotografering etter avtale om datafangst i krisesituasjonar (illustrasjon: Kartverket Bergen).

Samarbeidsavtale om datafangst i krisesituasjonar

Ved flaum- og skredhendingar er det nyttig med rask dokumentasjon ved hjelp av datafangst frå lufta. Laserskanning og flyfotografering gir god oversikt og datagrunnlag for oppbyggingsarbeid. I 2015 vart det inngått ein samarbeidsavtale mellom Geovekst-partane for rask datafangst frå fly. Når ein av partane brukar avtalen «Flybåren datafangst i krisesituasjonar», så sender Kartverket ut tilbodsførespurnad, inngår oppdragsavtale og får starta opp arbeidet med datainnsamling så raskt som mogeleg.

Kontaktinformasjon

Kontaktperson ved Kartverket Bergen er Olav Asbjørn Håvik: olav.asbjorn.havik@kartverket.no.