GÅVE: Fylkeskartsjef Anne Lien overrekker gåve frå Kartverket til direktør for Vestlandsforskning, Merete Lunde. Foto: Olav A. Håvik.

Tilpassing til eit klima i endring

Vestlandsforsking i Sogndal er vertsinstitusjon for senteret, og senteret skal arbeide med å skaffe brukarretta kunnskap om korleis samfunnet kan tilpasse seg forventa klimaendringar. Senteret har som mål å skape eit forskingsmiljø på klimatilpassing som er leiande i Noreg, og mellom dei leiande internasjonalt. Senteret har fått oppstartsløyving i statsbudsjettet for 2019 og årleg grunnfinansiering frå 2020.

Med på laget har Vestlandsforsking ei rekke av dei fremste faglige institusjonane på klimatilpassing som partnarar; CICERO Senter for klimaforsking, Høgskulen på Vestlandet, NTNU Institutt for geografi, Universitetet i Bergen ved Senter for klima og energiomstilling (CET), NORCE Klima, NORCE Samfunn, og Nordlandsforskning.

OPNING: Offisiell opning av senteret ved stortingsrepresentant Tore Storhaug (Krf), statssekretær i Klima- og miljødepartementet Atle Hamar (V) og Karen Marie Hjelmeseter (Sp). Foto: Anne Lien.

Sogn og Fjordane har ein skjeldan kombinasjon av bratt terreng og store nedbørsmengder som gjer fylket utsett for følgjene av klimaendringar. Med ei plassering i Sogndal kjem senteret nær utfordringane, og vert som eit laboratorium for klimatilpassing.

Fylkeskartkontoret og klimatilpassing

Ved fylkeskartkontoret er ein glade for at senteret vert oppretta og at det får ei så relevant lokalisering. Regionen har jamne utfordringar med flaum og skred, og i Kartverket arbeider ein med tilrettelegging for klimatilpassing i arbeidet med å samle inn detaljerte høgdedata.

Detaljerte høgdedata er ein føresetnad for å lage gode skred- og flaumkart, og desse karta vert brukt i planarbeidet i kommunane for å tilpasse arealbruk og minske eksponering for naturfare. Detaljerte høgdedata gjer det difor lettare å planlegge og styre unna framtidige problem i bratte og nedbørsrike vestlandskommunar. Innsamling av laserdata har difor hatt prioritet i geovekstsamarbeidet i regionen i mange år, og med god hjelp av Nasjonal detaljert høgdemodell er ein no på god veg mot å få full dekning med detaljerte høgdedata i regionen.

Ved fylkeskartkontoret er det også med jamne mellomrom nødvendig å samle inn data i hasteoppdrag på oppdrag frå NVE og andre geovekstpartar etter uventa flaumar og skredhendingar i regionen. I slike hasteoppdrag er det først og fremst detaljerte høgdedata (laserdata) som trengst som datagrunnlag for oppbyggingsarbeid og førebygging for seinare naturskadehendingar. I oktober vart det gjennomført eit hasteoppdrag i Luster kommune i Sogn etter skadeflaumen i Skjolden.

Klikk på biletet for større versjon

Tre ulike kartutsnitt over området senteret ligg i

GÅVE FRÅ KARTVERKET: Fortid: Øvste utsnitt viser historisk ortofoto frå 1964 som gir eit blikk bakover i tid til støtte for framtidig planlegging. Notid: I midten ser ein eit nyare ortofoto frå 2017 som viser korleis landskapet har utvikla seg fram til i dag. Til planlegging for framtida: Nedst ser ein eit viktig bidrag frå Kartverket til lokal klimatilpassing - Nasjonal detaljert høgdemodell (NDH) - som vert brukt til å lage kart over områder utsette for skred, flaum og havnivåendring til bruk i planarbeid i kommunane. Illustrasjon: Olav A. Håvik

Gratulasjonar frå fylkeskartkontoret

Fylkeskartsjef Anne Lien helsa frå Kartverket med gratulasjon og lykkeønskingar. Ho nytta også høvet til å nemne Kartverkets bidrag til klima og miljøovervaking på globalt nivå gjennom vårt jordobservatorium på Svalbard, og til å fortelje om vårt arbeid med etablering av Nasjonal detaljert høgdemodell (NDH) som legg til rette for klimatilpassing for flaum og skred på lokalt nivå.

Som eit døme på verktøy frå Kartverket for klimatilpassing heldt ho også fram den nyleg lanserte «se havnivå i kart», som kombinerer fleire datasett i Kartverket i ei kartteneste som visualiserer områder som kan verte ramma av auka havnivå og stormflo. Denne karttenesta vil være til hjelp for planlegging for havnivåendring i alle landets kystkommunar der ein har detaljert høgdemodell og gode vasstandsdata.

Anne overrekte ei gåve som viser litt av det Kartverket kan bidra med på klimatilpassing – eit bilete med tre utsnitt over senteret for klimatilpassing i Sogndal. Eit utsnitt er henta frå eit nyleg fullført prosjekt som har gjort historiske ortofoto i alle kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane tilgjengeleg på norgeibilder.no. Eit anna utsnitt viser detaljerte høgdedata (laserdata) frå Nasjonal detaljert høgdemodell som får betre og betre dekning på vestlandet i «hoydedata.no»: