Historiske ortofoto tilgjengeleg i 59 kommunar

Prosjektet «Historiske ortofoto i Hordaland og Sogn og Fjordane» er fullført, og alle kommunane i dei to fylka har no historiske ortofoto tilgjengeleg.

Prosjektet er finansiert av geovekstpartar, NVE og fylkeskommunane i dei to fylka. Totalt omfattar prosjektet over 15 000 historiske ortofoto fordelt på 47 flyoppgåver frå perioden 1951-1977.

Flybileta er henta frå kartverkets sentralarkiv for flyfoto, bileta er skanna i USA, og Cowi AS har så produsert ortofoto frå dei digitaliserte flybileta.

Skjermdump frå Noreg i bilder med histoiriske ortofoto frå vestlandet

DEKNINGSOMRÅDE: Oversikt over dei 47 flyoppgåvene slik dei no ligg tilgjengeleg på «Noreg i bilder».

Nyttig verktøy i samfunnsplanlegging

Historiske ortofoto dokumenterer landskapsendring over tid, og bileta har ofte godt innsyn til bakken på grunn av beitedrift i utmark og lite vegetasjon. Dermed gir bileta eit blikk bakover i tid til støtte for framtidig planlegging.

Bileta vil vere nyttige for samfunnsplanlegging i høve flaum og skred, planarbeid og sakshandsaming, forsking og jordskifte.

Bileta vil og kunne være interessante for historieinteresserte privatpersonar. Om ein studerer bileta kan ein finne gardstun, bygdevegar og strandlinjer som er vekke i dag, ein kan finne bortimot bilfrie gater i byane, og imponerande velstelte kulturlandskap på bygdene.

Historiske ortofoto frå Voss før og no.

BRUKSENDRING: Frå tømmerfløyting og sagbruk på Voss i 1958, til kajakkpadling og rundkøyring i 2016.

Avrunding av prosjektet

Cowi AS arbeider no med rasterpyramider som vert tilgjengeleg for innlegging i kommunane sine kartløysingar. Ein kan og legge inn historiske ortofoto som WMS - bakgrunn i ulike kartløysingar ved å bruke "Norge i bilder WMS - prosjekt" frå «geonorge.no».

Historisk ortofoto over Briksdalsbreen.

TIDSLINJE: I «Norge i bilder» ligg historiske ortofoto som eldste «årgangsortofoto», og tidslinja øvst i biletet viser tilgjengelege ortofoto i eit område. Som til dømes her ved Briksdalsbreen i Stryn kommune der ein no har fire årgangar med ortofoto tilgjengeleg.

Etne sørvest og delar av Bjorøyna i Fjell kommune er ikkje dekt av flyoppgåvene brukt i dette prosjektet, og ein ser på om ein kan skanne og bruke bilete frå andre flyoppgåver for å dekke desse områda. Ein kan følgje vidare status i prosjektet på nettsidene til Kartverket Bergen.