Vestland fylke

Planen vart vedteken av dei eksisterande fylkesgeodatautvala i Hordaland og Sogn og Fjordane. Han vil gjelde for det nye geodatautvalet for Vestland fylke som trer i kraft 1. januar 2019.

Satsingsområde

Fylkesgeodatautvalet i Vestland fylke vil ha følgjande satsingsområde i planperioden:

  • Fortsetje overgang til Sentral felles kartdatabase (SFKB), som gir alle brukarane tilgang til ferske og kvalitetssikra data. Nokre kommunar må vente på kommunereforma, men målet er å få flest mogleg over i løpet av 2019.
  • Vidareføre arbeidet med Nasjonal Detaljert Høgdemodell (NDH). Målet med prosjektet er å lage ein ny, svært detaljert høgdemodell av Noreg. Oppdaterte høgdedata er særs viktige i arbeidet med klimatilpassing, beredskap og planarbeid. NDH-data skal mellom anna brukast til å berekne flaumsoner og skredfare. Etter kvart som dei er klare blir dataa lagt ut på innsynsløysinga for høgdedata:
  • Syte for oppdaterte kart- og registerdata, som kan gje betre grunnlag for vurdering og planlegging av tiltak i ein naudsituasjon. Disse er viktige med omsyn til tryggleik og førebygging av t.d. ras og flaum
  • Fortsetje etablering og forbetring av basisdata ut frå partane sine behov ved samfinansiering av felles datagrunnlag
  • Avtalefesta, forpliktande vedlikehald og periodisk ajourføring av datagrunnlaget skal gjennomførast
  • Følgje opp den nye plansatsinga, med mellom anna digitale høyringsbasar
  • Auke aktiviteten innan temadata, med fokus på mellom anna Tur- og friluftsruter
  • Vegadresser er komen langt i Hordaland, og er i god prosess mange stader i Sogn og Fjordane. Ferdigstilling i alle kommunar må prioriterast, med tanke på å sikre liv, helse og eigedom, og dertil bidra til samfunnsøkonomisk vinst
  • Fullføre kommune- og regionreforma. Våre to fylker vert eitt 1.1.2020, og det vert samstundes 9 nye kommunar. Éi kommune (Hornindal) forsvinn ut av fylket til Møre og Romsdal.

Geodataplanen

Geodataplanen er ein plan for Noreg digitalt-samarbeidet i dei enkelte fylka. Han omhandlar det dei lokale partane samarbeider om eller planlegg å samarbeide om i sin region. Arbeid som dei enkelte partane har ansvar for, men som ikkje er omfatta av samarbeidet, er ikkje ein del av denne geodataplanen.

Planen har av to delar:

  1. Eit fellesdokument som er likt i alle fylka i landet. Dette dokumentet inneheld generell informasjon og overordna føringar for det lokale geodatasamarbeidet i Noreg digitalt. Her er det ei kort innføring i korleis Noreg digitalt-samarbeidet er organisert og kva som er dei viktigaste rammevilkåra for samarbeidet lokalt. Dette dokumentet skal vere likt for alle fylke og ikkje endrast lokalt.
  2. Ein fylkesgeodataplan som er utarbeidd spesielt for eit fylke eller ein region. Fylkesgeodataplanen handlar om dei aktivitetane det blir samarbeidd om lokalt.

I tillegg er det utarbeida ein handlingsplan (xlsx) som samstiller alle tiltaka for kvart enkelt prosjekt.

Relaterte dokument