Adressering

Det er kommunane som skal fastsetje offisielle adresser til eigedommar i Norge, og Kartverket hjelper kommunane med arbeidet.

Adresser og skilt skal sørgje for at alle på ein lett og forståeleg måte kan finne fram til bygningar, bustader og andre aktuelle adresser. For å kunne finne fram raskt i ein naudsituasjon, kan vegadresser vere avgjerande for å berge liv, helse, miljø og økonomiske verdiar.

Status for vegadresser i Hordaland og Sogn og Fjordane

Hordaland per januar 2019

I Hordaland er alle kommunane godt i gang med, eller ferdig med adressering. Fylket har no 97,05% vegadresser.

Klikk for større kartutsnitt.

HORDALAND: Kartet viser matrikkeladresser (i rødt) og vegadresser (i blått) per juni 2018. Ill.: Kartverket Bergen.

Sogn og Fjordane per januar 2019

Det har vore ein solid framgang i fylket dei siste åra, og andelen vegadresser er no oppe i 78,18%.

Klikk for større kartutsnitt.

SOGN OG FJORDANE: Kartet viser matrikkeladresser (i rødt) og vegadresser (i blått) per juni 2018. Ill.: Kartverket Bergen.

Kontaktinformasjon

Kontaktperson ved Kartverket Bergen er Sunniva Berg Trones: sunniva.berg.trones@kartverket.no.