Hopp til innhold

Vårsamling for Vestland FGU

24 Apr 2019
25 Apr 2019
Walaker Hotell
Solvorn, Luster
Kl. 12:00 - 12:00

Tradisjonen tru inviterer vi til felles vårsamling for fylkesgeodatautvalet i Vestland fylke. Påmeldingsfrist: 10. april.



Årets vårsamling er på Walaker Hotell

Møtet vert halde på Walaker Hotell i Solvorn i Luster kommune onsdag 24. til torsdag 25. april, og det vert som vanleg lunsj-til-lunsj-møte.

Onsdag 24. april:

12.00: Lunsj

13.00: Møtestart

Torsdag 25. april:

Møtet sluttar med lunsj klokka 12.00.

Utkast til program vert sendt ut på e-post.

Praktisk informasjon

Som vanleg betalar kvar deltakar opphald/mat sjølv. Kartverket bestiller rom/full pakke til alle som melder seg på møtet. Ta kontakt med Kartverket Bergen ved Anne Lien: anne.lien@kartverket.no  om du bare ønsker dagpakke. Ta gjerne direkte kontakt med Walaker (evt når vi er der) om de treng faktura til arbeidsgjever.

Prisar Walaker: Overnatting i enkeltrom, møtepakke med kaffemat, lunsj og middag første dag, frukost og lunsj andre dag. Kr. 2.900,- (Drikke kjem i tillegg)

Det er eit avgrensa tal rom på Walaker, så vi vil oppmode til tidleg påmelding.

Satsingsområde for arbeidet

Satsingsområda i gjeldande geodataplan er basis for arbeidet i fylkesgeodatautvalet. For gjeldande planperiode er desse:

  • Fortsetje etablering og forbetring av basisdata ut frå partane sine behov ved samfinansiering av felles datagrunnlag
  • Avtalefesta, forpliktande vedlikehald og periodisk ajourføring av datagrunnlaget skal gjennomførast
  • Følgje opp den nye plansatsinga, me med mellom anna digitale høyringsbasar
  • Auke aktiviteten innan temadata, med fokus på mellom anna Tur- og friluftsruter
  • Vegadresser er komen langt i Hordaland, og er i god prosess mange stader i Sogn og Fjordane. Ferdigstilling i alle kommunar må prioriterast, med tanke på å sikre liv, helse og eigedom, og dertil bidra til samfunnsøkonomisk vinst
  • Fullføre kommune- og regionreforma. Våre to fylker vert eitt 1.1.2020, og det vert samstundes 9 nye kommunar. Ei kommune (Hornindal) går til Møre og Romsdal

Les meir om felles fylkesgeodatautval for Vestland fylke her.