Midtlineprinsippet

Midtlineprinsippet vert òg nemna som midtfjordsline, det geometriske prinsipp og matematisk midtline, alle nemningar med tilnærma lik forståing. Metoden blir brukt for å angje grense i sjø. Metoden tek ikkje omsyn til djupnforhold. I prinsippet skal kvart av grensepunkta ligge like langt frå land på båe sider av grenselina.

For kommunegrenser vart det oftast brukt kystkonturen som basis for å rekne ut midtpunkta. Grensa trekkjast opp som rette linestykke mellom eit utval av midtlinepunkta. Sidan grensa blir generalisert byggjer utvalet av punkt på skjøn. Ein søkjer lik arealfordeling av havområda ved utretting av grenseliner. Prinsippet har for kommunegrenser i første rekkje til hensikt å legge alt land, øyar og skjer til den kommunen dei er matrikkelførde.

Det finst òg tilfelle der grensepunkta er midtpunkt på ei rettline mellom to definerte punkt på land på kvar side av grensa. Punkta på land er då merkte med grensemerke. Døme på ei slik grense er avgrensingslina mellom Noreg og Sverige i Iddefjorden.

Tripunkt

Punkt kor tre eller fleire kommunar støyter saman, ynskjer ein ikkje å justere; dvs. punktet skal ligge der kor midtlinene kryssar kvarandre. Dei andre utvalde punkta i ei generalisert grense blir vanlegvis lagt på eller nærast mogleg midtlina.

Djupål

Av andre prinsipp kan nemnast djupålsprinsippet. Grunnlaget er at grensa følgjer renner og senkingar i havbotnen, fjorden eller elva. Dette føreset nøyaktige og tette loddingar av djupner og målingar av posisjon for å kunne bli nytta som grenseline.

Prinsippet er brukt i Tanavassdraget, og dels Pasvik- og Jakobselva som riksgrense mot høvesvis Finland og Russland. For russergrensa er det definerte punkt markert med stolpar på kvar side av elva. Grensepunktet ligg på rettlina mellom stolpane, der lina skjer djupålen. Mellom grensepunkta følgjer grensa djupålen, og går ikkje i rette liner mellom grensepunkta slik som ved midtlineprinsippet (jf. Iddefjorden).

Ein ulempe er at slike grenser kan forandrast over tid, spesielt gjeld dette elv og vassdrag og i mindre grad tilhøva i sjøen.

Skjering med territorialgrensa og grunnlina

Punkta der kommune- eller fylkesgrensene skjer grunnlina og støyter mot territorialgrensa blir rekna ut på sfæroiden (rotasjonsellipsoiden). Det vil seie at alle liner mellom definerte punkt blir rekna som geodetiske liner. Ein har gått vekk frå å bruke plane avstandar, det vil seie avstandar i kartplanet, ved utrekning av desse skjeringspunkta, då sfærisk rekning er meir korrekt.

Omgrepet ”rett line” er ikkje eintydig, men kan vere:

  1. Ein geodetisk line - den kortaste vegen mellom to punkt langs jordellipsoiden, jf. storsirkelboge som er geodetisk line på kula.
  2. Ein loxodrom - ei line som skjer alle meridianane med ein gjeven vinkel, dvs. konstant asimut. Han blir avbilda som rette liner i Mercator sin projeksjon, jf. sjøkarta.
  3. Ei rett line i den nytta kartprojeksjonen, dvs. i kartplanet.

Grenselina mellom grunnline og territorialgrense, trekk ein vanlegvis vinkelrett på grunnlina. Dette sidan grunnlina gjev uttrykk for kysten sin hovudretning.

Folkeretten

Havrettskonvensjonen, eller folkeretten, er ein internasjonal avtale som legg føringar for kva havområde ein kyststat har rettighetar til, og korleis dei kan nytte sine havområde. Noreg følgjer prinsippa i Havrettskonvensjonen ved oppretting av lovområdar i havet. Eige, norske lover og forskrifter styrer bruk av, eller tillegg restriksjonar i, norske havområde.

Parallellar til grunnlina

I havområda utanfor kysten er fleire sonar knytt til ulike statlege rettighetar og ressursutnytting. Territorialgrensa, yttergrense for tilgrensande sone og yttergrense for eksklusive økonomiske sonar er rekna ut i ein gjeven avstand utanfor og parallelt med grunnlina.

Linene er betrakta som geodetiske liner, og kvart punkt på parallellen skal ligge i fast avstand frå grunnlina. Det er avstanden til grunnlina som er viktig, og ikkje koordinaten på den parallelle lina, då han kan flyttast avhengig av retning og tettleik ved kvar ny utrekning.

Traktatar mellom nasjonar

Viss det er mindre enn 400 nautiske mil mellom grunnlina til to nasjonar, må nasjonane avtale ei avgrensing i havet mellom dei. Det vanlegaste prinsippet er midtline, som sørger for lik arealfordeling mellom statane. Dei utvalde knekkpunkta på midtlina vart vedtekne i traktat mellom statane.

Den nye avgrensingslina mellom Noreg og Russland følgjer ikkje midtlina, som var Noregs krav. Russland sitt krav var sektorlina, som fylgde meridianar. Den endelege avtala er ei mellomting mellom dei to, kor kvart punkt vart forhandla. Grensa er no traktatfesta og trådde i kraft 7. juli 2011.

Avgrensingslina mellom Noreg (ved Jan Mayen) og Island fylgjer heller ikkje vanleg prinsipp. Der følgjer avgrensingslina 200 nautiske mil frå Island. Det vil seie at Island har full økonomisk sone i området, medan fiskevernsona ved Jan Mayen vart mindre.