Kart er ikkje berre ei avbilding av terrenget. Det er også kunst, og mange av dei gamle karta er rikt dekorerte og illustrerte.

Kartusj

Ein kartusj er eit dekorativt element som rammar inn tittel, initialar, monogram eller annan informasjon om kartet.

Kartusjar blei brukte i Egypt i oldtida og fekk ei ny oppblomstring under renessansen og barokken. Innanfor kartografi blei det svært vanleg å bruke kartusjar frå rundt år 1600. Stilen spegla moten i tida, frå symmetrisk i forma i renessansen, til overdådig i barokken. Fram mot 1800-talet blei kartusjane kraftig forenkla, for etter kvart å forsvinne heilt.

Kartusjane fortalde som regel kven som var oppdragsgjevar, kartteiknar og namn på området eller hendingar som kartet skildra.

KARTUSJ: Utsnitt av kart over Søndre Trondhjems amt, 1658

I Kartverkets historiske arkiv er det i hovudsak kart i amtskartsamlinga som har detaljerte kartusjar.

Kompassrose

Ei kompassrose er ein del av kartet som blir brukt til å stake ut dei ulike himmelretningane, og spesielt geografisk nord. Kart har ikkje alltid hatt ei nord-sør-orientering, og det har vore nødvendig med noko som peikar ut retninga.

På gamle kart kan kompassrosa vere svært dekorativ. Ho er oftast forma som ein sirkel med inndeling i sektorar. Eldre kompassroser er gjerne delte inn i 8, 12 eller 32 kompasstrekar, medan moderne roser har ei inndeling på 360 gradar.

Kompassrosa er oftast avbilda på sjøkart eller atlaskart. Men Kartverkets kartsamling har også døme på kompassroser plasserte over større, relativt aude landområde, til dømes i Finnmark og Hedmark.

KARTUSJ OG KOMPASSROSE: Utsnitt av sjøkart over Oslofjorden, ukjend alder

Meir om kompassroser: Johan Anton Wikanders artikkel «Kompasset og kompassrosen» i boka «Kompassrosen –orientering mot nord» (Briså og Lavold 2009).

Landtoning/ fortoningar

Ei landtoning, eller fortoning, er ein illustrasjon av eit avgrensa område av kysten sett frå eit gitt punkt på sjøen. Silhuetten av lett attkjennelege landskapsparti var viktig i navigasjon. Det var eit hjelpemiddel som blei nytta av sjøfarande for å kunne kjenne seg att ved seglas langs kysten eller når ein kom attende frå havet.

Det blei lagt mykje arbeid i å gjengi eit topografisk bilete ved hjelp av skuggelagde skisser av fjellformasjonar. Med dei få navigasjonshjelpemidla som fanst, var fortoninga av landet til stor nytte for å avgjere kor ein var.

Sjølv i dagens utgåver av «Den norske los» er landtoningar eit godt hjelpemiddel for sjøreisande.

LANDTONING: Ei av dei tidlegaste kjende landtoningane over delar av Noreg, frå Lucas Janszoon Waghenaers atlas «Spieghel der Zeevaerdt», 1585

Kartteikn

Eit kart er sett saman av symbol som til saman skal utgjere ei forminska avbilding av landskapet. Kartteiknet er eit allment akseptert kjenneteikn som skal hjelpe oss til å forstå kva vi kan vente å finne ute i terrenget.

I den tidlege fasen til Kartverket ser vi at det har vore ein lang periode med mykje individualitet, sjølv om kartteikna har følgt fastsette normer. På enkeltkart er det som regel sett av plass til teiknforklaring. I slike tilfelle ser det ut til at kartteiknaren har utarbeidd eigne symbol.

Forutan å vise topografi gjev kartteikn på historiske kart ei innsikt i industri, kommunikasjon og busetnad i dåtida.

I.H. Rawert kjem inn på kartteikn i ei førelesing  om ”den Geometriske Trigonometriske og Militaire Laandmaaling tilligemed Nivelleringen”.

I dag er teikn og symbol i kartet i stor grad standardisert. Her er kartteikn med forklaring for Kartverkets nasjonale kartserie Norge 1: 50 000 (pdf). Og her er teikn og symbol for moderne digitale kart (pdf).