Før du tar kontakt, tilrår vi at du sjekkar nettsidene våre og ser om du finn svaret der.

Finn du ikkje svar på det du lurar på, ta kontakt med kundesenteret i Kartverket:

Informasjon om sakshandsamarane på fylkeskartkontora finn du på nettsidene deira. Ei oversikt over dei fylka den enkelte har ansvaret for, finn du i handbok for namnebehandling.

Stadnamnhjelp for offentleg tilsette

Offentlege organ (kommunar, fylkeskommunar og statlege etatar) som har spørsmål om namngjeving og namnebruk, kan kontakte stadnamntenesta i Språkrådet.
Sjå kontaktinformasjon til stadnamntenesta i Språkrådet her.

Gjeld spørsmålet skrivemåten eller plasseringa av stadnamn på Kartverket sine kart eller nettsider, kan du kontakte kundesenteret i Kartverket, sjå ovanfor.

Har du andre spørsmål, t.d. om opphav og tyding av eit stadnamn, kan du kontakte stadnamntenesta i Språkrådet, sjå ovanfor.

Gjeld det vegnamn og adressering, kan det vere nyttig å starte med å slå opp på rettleiingssidene for kommunen som adressemyndigheit.

Stadnamnhjelp for grunneigarar

Grunneigarar som ynskjer endring/fastsetjing av stadnamn på eige bruk, kan ta kontakt med Kartverket for å få rettleiing om framgangsmåte. Les meir om kva grunneigar kan bestemme her.