Den nye utgåva av sjøkart nummer 26 Håsteinen - Batalden blei utgjeve 6. november 2018. Kartet trykkast ikkje, men plottast på bestilling gjennom Print on Demand-tenesta. Tidlegere utgåve av sjøkart 26 frå 2016, er no ugyldig.

Sjøkart nr. 26 er i målestokk 1:50 000 og inngår i Kartverkets hovudkartserie.

Sjøkartet har ein ny spesial, Skorpa - Batalden, i målestokk 1:20 000.

Kartet sitt dekningsområde

Sjøkart 26 dekkjer ytre kystområde i Sunnfjord: Håsteinen - Stavfjorden - Florø - Batalden.

Endringar i denne utgåva

Nymålingar i området Skorpa - Batalden. Dette er redigert inn i den nye spesialen (kartutsnittet) i målestokk 1:20 000.

Det har vore ein del andre rettingar på kartet: Lykteendringar, sjømerke, fartsavgrensingar, røyrleidningar, grunnerapporteringar, utfyllingar og anna.

Sjøkartet er oppdatert med omsyn til alle innrapporterte endringar sidan førre gong kartene blei utgjeve, meldt i Etterretninger for sjøfarende (Efs). I tillegg er kartet oppdatert med andre endringar som ikkje er meldt i Efs. Dette kan vere nye kaier, moloar og nymålingar i større og mindre grad.

Stadnamn er oppdatert etter opplysingar henta frå Sentralt stadnamnregister (SSR).

Alle sikkerheitskritiske oppdateringar og rettingar og tracinger til offisielle norske sjøkart er gratis tilgjengeleg via den digitale tenesta for Efs, kartverket.no/efs.

Slik er kartet merka:

Utgitt av Kartverket 1971. Ny utgave 11/2018. POD: 6. november 2018. Rettet t.o.m. Efs nr 20/18.

Kartet har følgjande avgrensing:

SW hjørne: 61°20’30’’N, 004°16’00’’E, NE hjørne: 61°40’00’’N, 005°11’00’’E

Elektroniske sjøkart

Området som dekkjast av sjøkart nr. 26 er også dekka av ENC-ar (elektroniske kartceller).

Ny utgåve

Ein ny utgåve av eit eksisterande kart vil inkludere endringar viktig for navigasjon, i tillegg til endringar som tidlegare er kunngjort i Etterretninger for sjøfarende (Efs). Når ein "ny utgåve" av sjøkartet blir utgjeve vil tidlegare utgåve vere forelda og ugyldig.

Det presiserast at store delar av kartet er uendra. Kartnummeret endrast ikkje, med unntak ved tilføying av INT-nummer når sjøkartet blir eit internasjonalt kart (INT-kart).

Eit kjeldediagram/pålitelegheitsdiagram som inneheld detaljar om måledata er påtrykt kartet. Eit kjeldediagram/pålitelegheitsdiagram kan ikkje alltid reflektere visse omfattande endringar som til dømes endra symbologi, bøyesystem eller lykter.

Norske sjøkart blir utgjeve som:

Ny utgåve: Ny utgåve av eit eksisterande sjøkart. Inneheld endringar av stor verdi for navigasjon. Vil gjere eksisterande utgåve av sjøkartet ugyldig.

Nytt kart: Har store endringar i utforming, avgrensing eller innhald. Alle tidlegare utgåver av sjøkartet gjerast ugyldig.

Les meir om Noregs offisielle sjøkart.

Produktkatalog for norske sjøkart og nautiske publikasjoner (pdf 2,3 MB).

Kontaktpersonar:

Gjermund H. Bakken
Seksjonssjef for kartseksjonen i Kartverkets sjødivisjon
E-post: gjermund.bakken@kartverket.no
Tlf.: 51 85 88 69 / 959 61 301

Kjetil Wirak
Kartseksjonen i Kartverkets sjødivisjon
E-post: kjetil.wirak@kartverket.no
Tlf.: 51 85 87 35