Kartverkets 25 faste vasstandsmålere registrerar vasstanden kontinuerleg. Du kan sjekke vasstanden og varsel for tidevatn der du er på Se havnivå.

Last ned Tidevannstabeller for 2016

Last ned «Tidevannstabeller for den norske kyst med Svalbard, samt Dover, England. 79. årgang 2016» (pdf 2 MB).

Publikasjonen «Tidevannstabeller for den norske kyst med Svalbard» gjer høgde og tidspunkt som høyrer til, for alle høg- og lågvatn i 17 standardhamner og cirka 200 sekundærhamner. Denne oppdaterast for eitt år om gongen, og publiserast i hausthalvåret. Tabell for tidevatn for Dover, England, er også med.

Frå og med 2015-utgåva vil ikkje publikasjonen lenger bli trykt og vil derfor heller ikkje være tilgjengeleg for sal via Kartverket.

Den offisielle tabellen for tidevatn

Kartverket sine tabellar for tidevatn, utarbeidt av sjødivisjonen, er den offisielle og den einaste som gjer både høgder og tidspunkt for høg- og lågvatn. Alle høgder referer til sjøkartnull. Standardhamnene har tilknytt ein eigen skisse med dei viktigaste tidevannsnivåane. Publikasjonen gjer også ei forklaring på tidevatnfenomenet.

Vasstandsmålere

Data frå våre faste vasstandsmålere overførast til sjødivisjonen i Kartverket via mobilnettet, kor dei kvalitetskontrollerast og leggjast inn i ein database. Overføringane skjer to gonger i timen, og omtrent samtidig er 10-minuttdata tilgjengeleg på nettenesta Se havnivå.

Mobile vasstandsmålere

I tillegg til dei faste vasstandsmålerne utførar Kartverket vasstandsmålinger for kortare tidsrom på ei rekkje stader langs kysten. Etter kvart har vi fått ei oversikt over variasjonane langs kysten, slik at vi kan finne vasstanden på dei fleste stader ved å korrigere målingane frå dei faste stasjonane.

Les meir: Slik fungerer vannstandsmålerne

Grunnlag for våre kart

Kartverket bruker vasstandsmålinger til å korrigere djupnemålingane slik at alle djup i eit sjøkart har same nullnivå, det sokalla sjøkartnull. Analysane av vasstandsmålingane gjer oss grunnlaget til å lage tabellar for tidevatn, i tillegg er det slike målingar som blant anna fortel oss at det er ei landheving i Oslo på tre-fire millimeter i året.