Kartverket har, i tillegg til eiget behov, også eit nasjonalt ansvar for å forvalte og gjere vasstandsdata og tidevatninformasjon allment tilgjengeleg. Vasstandsdataa er til stor nytte innanfor ulike samfunnsområde, og vi har etablert eit samarbeid med fleire offentlege verksemder.

Nokre sentrale statlege samarbeidspartnarar er Meteorologisk Institutt, Kystverket, Norges vassdrags- og energidirektorat, Havforskningsinstituttet, Miljødirektoratet og universiteter.

Her er ei liste med eit knippe av våre samarbeidspartar:

Internasjonalt samarbeid

Som nasjonal etat innanfor vasstand og tidevatn er det viktig for Kartverket å levere vasstandsdata til internasjonale organisasjonar og institusjonar. Sjødivisjonen i Kartverket har i ei årrekke samarbeidt nært med Intergovernmental Oceanographic Commision (IOC), og leverar vasstandsdata til det IOC-koordinerte programmet Global Sea Level Observing System (GLOSS). Månadleg og årleg gjennomsnitt frå Kartverket sine 24 vasstandsmålere sendast frå sjødivisjonen inn til målenettet til Permanent Service for Mean Sea Level (PSMSL).