Kartverket arbeider med å gjere data tilgjengeleg for kommunane gjennom betre applikasjonar og brukargrensesnitt, og tilbyr kommunane opplæring og teknisk support. Kommunane står for praktisk gjennomføring av kartlegginga, og vedlikeheld sine data.

Kommunal- og moderniseringdepartementet (KMD) gjer tilskot til eit utval kommunar og fylke som vil gjennomføre kartlegging av uteområde. Kartverket administerer tilskotet på vegner av KMD. Fylkesmenn, fylkeskommunar og kommunar kan søke om tilskot til kartlegging av tilgjengelegheita for uteområde. Friluftsråd, DNT og andre interesseorganisasjonar som etablerer eit samarbeid med kommune- eller fylkesforvaltinga kan også søke om midlar til kartlegging. Målet er at fylka og kommunane skal være i stand til å utvikle og forvalte arbeidet med universell utforming på ein god og varig måte.

Delprosjekt kommunal kartlegging i 2017

Framdriftsplan

  • Søknadsfrist: 4. april 2017
  • Tilsegn om midlar: 24. april 2017
  • Sommar: Kartlegging i kommunane, Kartverket kvalitetssikrar data
  • Haust: Kartverket evaluerer saman med deltakarane
  • Desember/januar: Sluttrapport skal leverast til KMD

Rettleiingskurs blir organisert fortløpande over heile landet etter tilsegn av midlar. Plassering skal skje slik at alle reiser litt, men ingen reiser langt.

Det er sendt ut eit brev med informasjon om årets prosjektmidlar:

Tilskota har ei ramme på 30-100.000 kr per søkar. Midlane må nyttast i 2017. For å søke om midlar må ein angi:

Søknad om midlar til kartlegging skal sendast Statens kartverk, Postboks 600 Sentrum, 3507 Hønefoss, post@kartverket.no. Merk at søknaden må vere Kartverket i hende innan frista 4. april.

Kartleggingsprosjektet

Kartverket er tildelt oppgåva å framskaffa data om tilgjengelegheita for byar, tettstader og friluftsområde. Kartverket si kartlegging av tilgjengelegheitsdata er del av eit større nasjonalt prosjekt om bruk av geografiske informasjonssystem for å hente inn og presentere data om universell utforming.

Arbeidet starta allereie i 2004 med kartlegging av tilgjengelegheita i Oslo sentrum. Ved utgangen av 2016 er det kartlagd:

  • Tettstader i 166 kommunar
  • Friluftsområde i 183 kommunar

Bildet under viser kommunane som har kartlagd tettstader og friluftsområde.


Trykk på bildet for større versjon

 Kart som viser kommuner som har kartlagt friluftsområder og tettsteder

I dei første åra av prosjektet vart feltarbeid gjennomført i regi av Kartverket med engasjement av sommarvikarar. Frå 2015 og vidare framover har kartleggingsarbeidet i større grad blitt gjennomført av kommunar og fylkeskommunar.