Kunnskap om miljø og naturressursar medverkar til ei heilskapleg forvaltning.

Sidan 2005 har Mareano kartlagt havbotnen utanfor Nord-Noreg. Resultata viser at havbotnen har eit rikt mangfald av dyreliv og eit dramatisk landskap med djupe kløfter, sandsletter og høge "fjelltoppar".

Kartlegg for framtida

Mareano-programmet skal gi svar på spørsmål som:

  • Korleis er landskapet på norsk sokkel?
  • Kva består havbotnen av?
  • Korleis er det biologiske mangfaldet fordelt på havbotnen?
  • Kva for samanheng er det mellom det fysiske miljøet, biologisk mangfald og biologiske ressursar?
  • Korleis blir forureining lagra i botnsediment?

Feltundersøking

Å kartlegge havbotnen er ein omfattande prosess. Først kartlegg ein terrenget på havbotnen og lagar detaljerte djupnekart. Deretter vel ein ut kva for område som skal undersøkjast nærare med omsyn til botnsediment, landskap og førekomst av tungmetall, organiske miljøgifter og hydrokarbon, samt unike videoopptak og prøver frå eit elles utilgjengeleg område.

Sjølv om kartlegginga så langt har gitt ny kunnskap, står det att mykje arbeid før alle norske havområde er kartlagde. Kartlegging i dei tidlegare omstridde områda nær den nye grensa mellom Noreg og Russland starta i 2011.

Samarbeid

Denne detaljerte kartlegginga av havbotnen starta etter at forvaltningsplanen for Barentshavet og havområda utanfor Lofoten og Vesterålen blei vedtatt i 2005. Under arbeidet med planen blei det avdekka ei rekkje hol i kunnskapen om korleis havbotnen ser ut og kva som lever der.

Botnkartleggingsprogrammet skal bidra til å tette desse hola, og då forvaltningsplanen blei oppdatert tidleg i 2011, var mykje ny kunnskap klar til bruk.

Havforskningsinstituttet, Noregs geologiske undersøkelse og sjødivisjonen i Kartverket utgjer utøvande gruppe i Mareano, og gjennomfører den daglige drifta. Utøvande gruppe rapporterer til programgruppa, som blir leia av Miljødirektoratet.

På toppen finn ein styringsgruppa som er samansett av representantar frå fem departement: Nærings- og fiskeridepartementet, Klima- og miljødepartementet, SamferdselsdepartementetOlje- og energidepartementet og Kommunal- og moderniseringdepartementet.

Arbeidsfordeling

  1. Botntopografi og landskap
    Kartverket, ved sjødivisjonen, leverer detaljerte topografikart basert på flatedekkjande målingar med multistråleekkolodd.
  2. Sediment, finskalatopografi og miljøgiftar
    Norges geologiske undersøkelse leverer sedimentkart basert på signal frå multistråleekkolodd, video og sedimentprøver, og terrenganalyse basert på topografikart. Havforskningsinstituttet og Norges geologiske undersøkelse leverer informasjon om innhald av miljøgift i sediment basert på sedimentprøver.
  3. Naturtypar
    Havforskningsinstituttet og Norges geologiske undersøkelse leverer kart over naturtypar basert på modell som lagar flatedekkjande naturtypekart og framskriving av førekomst i liknande område.

Kartverket si rolle

I regi av Mareano har sjødivisjonen i Kartverket ansvar for å skaffe djupnedata i dei områda som Mareano skal kartlegge. Dersom det eksisterer djupnedata av tilstrekkeleg kvalitet og oppløysing frå tidlegare, nyttar ein desse. Sjømålinga blir gjort ved hjelp av multistråleekkolodd frå overflatefartøy, som vist i illustrasjonen under.

Første fase: 2005–2010

Mareano skal fylle hol i kunnskapen om botnforhold og biologisk mangfald definert i forvaltningsplanen for Barentshavet. All innsats blir konsentrert i eit 142 000 km² stort område av Barentshavet og Lofoten.

I 2011 blei forvaltningsplanen for Barentshavet og havområda utanfor Lofoten revidert. Mareano bidrog til å gje styresmaktene eit betre kunnskapsgrunnlag for mellom anna å kunne vurdere om petroleumsverksemd bør setjas i gang i Nordland VII, Troms II og rundt Eggakanten. Desse områda var difor prioritert i den første fasen av kartlegginga.

Andre fase: 2011–

Ekstra innsats blei satt inn på Nordland VI i 2011–2012, og på bakgrunn av behovet for data til oppdatering av Forvaltningsplanen for Norskehavet i 2014 starta kartlegginga på midtnorsk sokkel i Norskehavet i 2012. I 2011–2012 starta kartlegginga av det tidlegare omstridde området i Barentshavet ved gjennomføring av innleiande djupnekartlegging ved bruk av multistråle-ekkolodd. Biologisk, geologisk og kjemisk prøvetaking i dette området starta i 2013 og ventast avslutta i 2019.

Hovudprodukt

  • Fram mot neste oppdatering av forvaltningsplanen for Barentshavet skal MAREANO levere:
  • Informasjon om botntypar, naturtypar og geologiske forhold
  • Informasjon om fordeling av botnfauna, dyresamfunn og biologisk mangfald og produksjon
  • Miljøstatus for sedimenta
  • Detaljerte djupnekart
  • Database og kartteneste med systematisert informasjon om norske kyst- og havområde
  • Kunnskapen frå MAREANO rapporterast gjennom fellesrapporten frå Faglig forum, Overvåkningsgruppen og Risikogruppa, og gjennom stadfesta informasjon og tekst/illustrasjonar på www.mareano.no og www.geonorge.no.

Finansiering

Mareano-programmet blir finansiert av Nærings- og fiskeridepartementet og Klima- og miljødepartementet gjennom løyvingar over statsbudsjettet.

Dette er blitt løyvd:

  • 2014: 91,7 mill. kroner
  • 2013: 90,5 mill. kroner
  • 2012: 88,4 mill. kroner
  • 2011: 96,4 mill. kroner
  • 2010: 51,5 mill. kroner
  • 2009: 51,5 mill. kroner
  • 2008: 32,6 mill. kroner
  • 2007: 32,6 mill. kroner
  • 2006: 23,6 mill. kroner

Oversikt over område som er djupnekartlagt i regi av Mareano frå 2005 til 2012, og djupnedata frå andre kilder.