Arealplan og lover

Dette er nokre av lovene ein bør kjenne til når ein skal utarbeide ein arealplan:

  • Plan- og bygningslova (kapittel 2 i lova gjeld krav om kartgrunnlag, stadfesta informasjon og kommunalt planregister)
  • Sjå også Kommentarar til plandelen av lova
  • Finnmarkslova (gjeld kommunar Finnmark)
  • Markalova (gjeld Oslo og kommunar i nærleiken)
  • Svalbardmiljølova (gjeld Svalbard - arealplanar på Svalbard skal følgje Svalbardmiljølova.)
  • Plan- og bygningslova frå 1985 er oppheva, men kan vere nyttig for å skjøne planar vedtatt etter denne lova. Det er framleis ein del rettleiarar som ikkje er endra. Lova er ikkje lengre tilgjengleg i Lovdata utan abonoment.

Arealplan og forskrifter

Her er nokre aktuelle forskrifter som kan vere til nytte når ein skal utarbeide ein arealplan, eller ved etablering, drift og forvalting av kommunale planregistre.

Forskriftene er fastsette av Kommunal- og moderniseringsdepartementet i medhald av plan- og bygningslova. Dei avgrensar mellom anna privatpersonars rettar og plikter. Som saksbehandlar må ein følgje forskriftene som om det var sjølve lovteksta.

Lenkeliste for forskrifter til plan- og bygningslova.

Nasjonal produktspesifikasjon for arealplan og digitalt planregister

Nasjonal produktspesifikasjon finn du på plankartsida til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Nasjonal produktspesifikasjon for arealplan og digitalt planregister (NPAD) supplerer plan- og kartforskrifta med rettleiar og dei generelle rettleiarane til plan- og bygningsloven.

Spesifikasjonen inneheld utfyllande krav om korleis arealplanar teknisk skal utarbeidast og krava til digitalt planregister. Spesifikasjonen regulerer forhold det ikkje er tenleg å ta inn i forskrifta, og konkretiserer og spesifiserer krava i forskrifta.

Arealplan og statlege føringar

Arealplan og rundskriv

Denne lenkelista peikar til rundskriv gitt med grunnlag i plandelen i plan- og bygningslova, og som ein må ta omsyn til når ein planlegg. Vidare er det lenker til utvalde rundskriv som kan vere til hjelp for å skjøne omgrep og innhald i eldre arealplanar.

Rundskriv er orienteringar frå departementet om korleis lover og forskrifter skal tolkast.

Gå til lenkelista for rundskriv om plan- og bygningslova.

Arealplan og rettleiarar

Denne lenkelista viser til rettleiarar og informasjon om areal og plan som ligg på nettsidene til ulike departement og etatar.

Gå til lenkelista for retteleiarar om areal og plan

Sjå også nettportalen stedsutvikling.no og sida om geografisk analyse og visualisering

Hjelp til å gjere vurderingar i planlegginga på miljøkommune.no

Etatane i miljøforvaltninga har gått saman og lage nettportalen miljøkommune.no som gir hjelp til kommunale saksbehandlarar på området miljø og planlegging.

Anna rettleiing frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet

  • Planlegging.no
  • PlanJuss. Her har Kommunal- og moderniseringsdepartementet samla ein del prinsipielle fråsegner og tolking av reglane i plan- og bygningslova i tidsskriftet.
  • Plannytt. Tidsskrift som departementet gir ut inntil to gonger i året.