Plan- og bygningslova § 6-4 gir staten myndigheit til å vedta arealplanar som kommunen elles ville ha utarbeidd.

Plan- og bygningslova frå 1985 hadde også ei føresegn om dette i sin § 18, og eldre lover ga også staten myndigheit til å vedta arealplanar. Dei fleste statlege planane er vedtatt etter dei tidlegare lovene, så dei vil ikkje kome inn under kravet til planforvaltning etter dagens lov.

Statlege arealplanar skal førast i kommunens planregister.

Datasett for vedtatte statlege arealplanar og dokumenta til dei statlege planane kan lastast ned frå Geonorge

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har meir informasjon om statlege arealplanar: