Siste oppdatering

Konsesjon ved tinglysing

Når du skal tinglyse eit eigarskifte, eller ein avtale om langvarig bruksrett må du ta kontakt med kommunen for å avklare konsesjonsforholdet på eigedomen. 

Kva betyr konsesjon?

Konsesjon betyr løyve frå kommunen for å overføre større eigedomar. Hovudsakleg gjeld dette for landbrukseigedomar, men i mange tilfelle må kommunen registrere eigefråsegn om konsesjonsfridom. 

Konsesjon eller ikkje ved overføring av eigedom?

Du må fyrst kontakte kommunen for å sjekke om du treng å søkje om konsesjon. Kommunen vil registrere konsesjonsvedtaket i matrikkelen, slik at det blir tilgjengeleg for Kartverket.

I dei tilfella det ikkje er nødvendig å søkje om konsesjon, må du undersøkje om du må registrere eigefråsegn om konsesjonsfridom.

Eigenfråsegn om konsesjonsfridom

Dei fleste nye eigarar treng ikkje søkja om konsesjon, men fylle ut eit skjema som heiter ”Eigenfråsegn om konsesjonsfridom”. Skjemaet får du hjå kommunen, eller du kan laste det ned frå Landbruksdirektoratet si heimeside. Du kan lese rettleiinga til skjemaet, eller kontakte kommunen om du treng hjelp til utfylling.

Kommunen registrerer opplysningane i matrikkelen. Opplysningane er tilgjengelege for Kartverket når du sender skøytet til tinglysing.

Du må undersøkja konsesjonsforholdet før tinglysing

Eit konsesjonsvedtak eller eigefråsegn om konsesjonsfridom må vere registrert i matrikkelen før tinglysingsdokumenta sendast til Kartverket. Vi returnerer dokumenta utan tinglysing dersom konsesjonsforholdet ikkje er registrert hos kommunen.

Område med nedsett konsesjonsgrense

I enkelte område er den vanlege konsesjonsgrensa sett ned, for at kommunen skal ha meir kontroll med omsetning og bruk av eigedom i området. Dette kan gjelde for alle eigedomar i kommunen eller særskilde områder i kommunen.

Nye eigarar i område med nedsett konsesjonsgrense, må søkje om konsesjon eller fylle ut det raude skjemaet for eigenfråsegn om konsesjonsfridom. Dette gjeld også nye eigarar av burettslagsandelar, og dei som skal få ein festekontrakt eller annan langvarig bruksrett.

Kven slepp eigenfråsegn om konsesjonsfridom?

I enkelte tilfelle er det ikkje nødvendig å fylle ut skjemaet for eigenfråsegn om konsesjonsfridom, eller å søkje om konsesjon. Dette gjeld visse overføringar, for eksempel at eigedomen er mindre enn 2 mål og har bygningar. Felles for desse fritaka er at eigedomen må liggje i eit område med vanleg konsesjonsgrense i tillegg til nærare bestemte vilkår. I lista nedanfor kan du sjå om du slepp konsesjonspapir.

Dersom du meiner at saka di oppfyller vilkåra i ein av rubrikkane i lista, må du oppgi kva vilkår dette er når du sender dokumenta dine til tinglysing.

Sjekkliste for konsesjon

Skjema

Ofte stilte spørsmål

Del