Det følgjer av føresegnene i dokumentavgiftslova § 4 at Finansdepartementet kan pålegge tilleggsavgift med inntil det dobbelte av det pliktige avgiftsbeløpet. Dette gjeld i saker der den avgiftspliktige eller nokon som har handla på vegner av den avgiftspliktige forsettleg eller grovt aktlaust har gitt urette eller ufullstendige opplysningar som har eller kunne ha ført til unndraging av avgift.

Kompetansen til å treffe vedtak om tilleggsavgift etter denne føresegna er delegert frå Finansdepartementet til Skattedirektoratet.

Føresegna om tilleggsavgift i dokumentavgiftslova er formulert i samsvar med tilsvarande føresegner for dei andre særavgiftene. Prinsippa for pålegg om tilleggsavgift i dei andre særavgiftslovene blir derfor lagt til grunn ved vurderinga av tilleggsavgift etter § 4. Dette er forklart i kommentarane til føresegna i Ot.prp.nr. 11 (1975-1976). Det vil likevel gjelde eit anna aktløysekrav etter dokumentavgiftslova § 4.

Vilkår for å pålegge tilleggsavgift

Den refererte lovføresegna oppstiller to krav som må oppfyllast for at TAD skal kunne pålegge tilleggsavgift.

  1. Det gjeld eit subjektivt krav om forsett eller grov aktløyse hjå den som har rekvirert tinglysingsforretninga.

  2. Avgiftsgrunnlaget som er skrive i skøytet må ha vore for lågt i forhold til marknadsverdien av eigedomen på tinglysingstidspunktet.

I all hovudsak vil det vere det subjektive vilkåret om grov aktløyse som vil bli vurdert i dokumentavgiftssaker. For å kunne konstatere grov aktløyse blir det kravd at den avgiftspliktige har handla særleg klanderverdig. Det blir teke utgangspunkt i kva som kan forventast av ein vanleg forsvarleg person i same stilling. Dei avgiftspliktige har plikt til å setje seg tilstrekkeleg godt inn i dei avgiftsføresegnene som vedkjem arbeidet deira. Dei må forvisse seg om at vilkåra for dei fritaka som blir kravd faktisk er oppfylt, og å dokumentere dette. Det blir stilt generelt strengare krav i aktløysevurderinga frå næringsdrivande enn frå privatpersonar. Spesielt gjeld dette for profesjonelle aktørar innanfor fast eigedom, slik som eigedomsmeklarar, utbyggjarar, advokatar osv.

Det andre kravet er at det avgiftsgrunnlaget i skøytet har eller kunne ha ført til unndraging av avgift. Hovudregelen er at det er marknadsverdien av eigedomen på tinglysingstidspunktet som skal leggjast til grunn for avgiftsberekninga, sjå Rt. 2008 s. 1160. Med marknadsverdien eller salsverdien for ein fast eigedom er meint det samla vederlaget seljaren vil kunne få for eigedomen på den opne marknaden når partane ikkje har felles interesser som kan påverke prisfastsetjinga. I mange tilfelle vil det vere vanskeleg å fastsetje marknadsverdien av ein fast eigedom. For at Skattedirektoratet skal kunne pålegge tilleggsavgift, må avgiftsgrunnlaget i skøytet liggje klart under den reelle marknadsverdien av eigedomen. Det er vanskeleg å seie nokon konkret prosentsats eller forholdstal mellom meld verdi og marknadsverdi for at føresegna skal kunne brukast. Forarbeida til dokumentavgiftslova gir inga rettleiing for denne vurderinga.

Solidaransvar for betaling av korrekt avgift

Det er viktig å vere klart over at det i mange tilfelle kan oppstå eit solidaransvar for betaling av korrekt utrekna dokumentavgift, samt betaling av tilleggsavgift. Ervervaren av grunnboksheimelen og meklarføretak som hjelper med oppgåver som nemnde i lov om eigedomsmekling, er solidarisk ansvarleg for korrekt betaling av avgift, tilleggsavgift og renter. Det same gjeld for andre som på vegner av ervervaren av grunnboksheimelen har kravd eit dokument tinglyst. Såframt det er ein tredjemann som har kravd skøytet tinglyst på vegner av ervervaren, vil også han bli halden ansvarleg for betaling av avgift, tilleggsavgift og renter. Avgiftskravet blir sendt først til den av dei ansvarlege som har kravd dokumentet tinglyst. Føresegnene om avgiftsplikta og solidaransvaret er gitt i dokumentavgiftslova § 6.