Testament

Testamentsarvingar må som hovudregel betale full dokumentavgift når dei overtek fast eigedom ved privat skifte. Normalt blir det også utrekna full dokumentavgift når eigedomen blir seld eller gitt vidare. Men det blir ikkje utrekna dokumentavgift for begge overføringane dersom dei blir tinglyste same dag. Dette følgjer av ei føresegn i Stortingets årlege vedtak om dokumentavgift § 2 j).

Regelen gir fritak for:
”overføring av hjemmel til fast eiendom til testamentsarving dersom overføring av hjemmel til ny erverver tinglyses samme dag.”

Strengt krav om samtidig tinglysing

I slike tilfelle blir det med andre ord ikkje utrekna dokumentavgift for å tinglyse heimel over til testamentsarvingen, mens overføring til ny eigar utløyser dokumentavgift etter hovudregelen. Bakgrunnen for regelen er at testamentsarvingar skal kome i same avgiftsmessige stilling uavhengig av om det blir gjennomført offentleg eller privat skifte. Kravet om at tinglysinga må skje same dag er svært strengt, og er bestemt for å motverke høvet for unndraging av avgift.

Framgangsmåte

Dersom du er testamentsarving og ønskjer å krevje fritak etter denne regelen, må du sende inn skjemaet heimelserklæring ved arv og skøyte til ny eigar same dag, saman med skifteattest og eventuelle andre vedlegg. I feltet for verdi i heimelserklæringa kan du krevje fritaket ved å skrive: "0,- jf. dokumentavgiftsvedtaket § 2 j)". I skøytet skal du føre opp eigedomen sin marknadsverdi som dokumentavgiftsgrunnlag i punkt 3. Vi ser helst at alle dokumenta blir sende til Kartverket i same konvolutt.

Les mer om hva du må sende til tinglysing i en arvesak.