Kven må betale dokumentavgift?

Dokumentavgifta blir utløyst ved tinglysing av eit dokument som overfører grunnboksheimel til fast eigedom. Det speler med andre ord inga rolle kven som er den reelle eigaren av eigedomen, ettersom det er tinglysinga av den formelle grunnboksheimelen som utløyser avgiftsplikta.

Dokumentavgifta blir i all hovudsak utløyst ved tinglysing av skøyte, men kan og bli utløyst ved tinglysing av andre typar dokument som overfører grunnboksheimel, til dømes ei heimelserklæring ved arv, ei arealoverføring eller ein festekontrakt som gjeld ei festa tomt med bygningar.

Plikta til å betale dokumentavgift gjeld i utgangspunktet for alle typar overføringar, til dømes ved sal, gåve og forskot på arv. Avgiftsplikta gjeld overføring av alle typar eigedom, til dømes bustadeigedom, fritidsbustad, landbruksareal, næringseigedom osv. Enkelte overføringar er likevel fritekne for avgiftsplikta.

Les meir om dei vanlegaste fritaka.

Kva sum skal setjast som avgiftsgrunnlag?

Dokumentavgifta på 2,5 % blir rekna av salsverdien til eigedomen på tidspunktet for tinglysinga, medrekna verdien av bygningar og faste anlegg. Dette er bestemt i dokumentavgiftslova § 6 og § 7, og er presisert av Høgsterett i dommen Rt. 2008 s. 1160.

Salsverdien er den summen som seljaren vil kunne få for eigedomen på den opne marknaden i dag, utan noka form for interessefellesskap med kjøparen. Dette blir gjerne kalla marknadsverdien. Ved fritt sal vil kjøpesummen og salsverdien som regel vere den same. Dersom du betaler mindre i kjøpesum, fordi du overtek gjeld som ein del av betalinga, skal du likevel betale dokumentavgift av den fulle marknadsverdien. Det same gjeld viss du i samband med kjøpet overtek ein part av fellesgjelda. Om du får eigedomen som gåve, må du også betale dokumentavgift av den fulle marknadsverdien. Du kan ikkje gjere frådrag for verdien av tinglyste hefte som burettar eller andre bruksrettar.

Dersom det berre er ein del av eigedomen som blir overført, blir avgiftsgrunnlaget tilsvarande redusert. Til dømes: Dersom berre halvparten av eigedomen blir overført, skal halvparten av den totale salsverdien til eigedomen førast som avgiftsgrunnlag.

Dersom du er usikker på eigedomen sin salsverdi, kan du kontakte ein eigedomsmeklar, eller samanlikne eigedomen med andre liknande eigedomar som nyleg har blitt selt i same område. Vi krev ikkje at det blir innhenta takst på eigedomen, men vi vil reagere dersom avgiftsgrunnlaget er sett for lågt, og be om ei utgreiing om verdifastsetjinga. Vi kan fastsetje avgifta ved skjøn, dersom vi meiner at verdien er klart høgare enn det som er skrive i skøytet.

Avgiftsgrunnlaget blir avrunda nedover til nærmaste 1000 kroner. Avgifta blir avrunda nedover til nærmaste 10 kroner, likevel slik at det i alle tilfelle skal betalast minst 250 kroner.

Ved tinglysing av skøyte, skal du skrive summen som utgjer avgiftsgrunnlaget i punkt 3 i skjemaet.

Kven slepp å betale dokumentavgift?

Stortinget har gitt fritak frå plikta til å betale dokumentavgift i enkelte situasjonar. Ei fullstendig oversikt over alle fritaksgrunnane finn du i avgiftsrundskrivet frå Skattedirektoratet.

Les meir om dei vanlegaste fritaka.

Betaling og klage

Faktura for dokumentavgift og tinglysingsgebyr blir send ut same dag som det ferdig tinglyste dokumentet. Betalingsfristen er 14 dagar. Vi kan i utgangspunktet ikkje endre forfallsdatoen på fakturaer eller gi betalingsutsetjing.

Les meir om kven som får fakturaen

Dersom du meiner at dokumentavgifta er blitt fastsett på feil grunnlag i saka di kan du sende ei skriftleg klage til Kartverket Tinglysing, Postboks 600 Sentrum, 3507 Hønefoss. Du må likevel betale fakturaen innan forfallsdatoen. Dersom nye opplysningar viser at avgifta er fastsett av feil grunnlag eller med feil sum, skal vi sørgje for etter- eller tilbakebetaling, jf. forskrift om dokumentavgift § 2-5. Dersom vi ikkje finn grunn til å endre vedtaket vårt, blir klaga send til Skattedirektoratet som klageinstans i dokumentavgiftsspørsmål, jf. forskrift om dokumentavgift § 1-5.