Det skal som hovudregel alltid betalast dokumentavgift ved tinglysing av dokument som overfører grunnboksheimel til fast eigedom. Avgifta er 2,5 prosent av eigedomen sin marknadsverdi på tinglysingstidspunktet. Enkelte overføringar er likevel fritekne for avgiftsplikta. Nedanfor finn du ei oversikt over dei mest aktuelle fritaka.

Kven slepp å betale dokumentavgift?

I lov om dokumentavgift og i Stortingets vedtak om dokumentavgift er det gitt fritak frå plikta til å betale dokumentavgift i enkelte situasjonar. Ei fullstendig oversikt over alle fritaksgrunnane finn du i rundskrivet om dokumentavgift frå Skattedirektoratet. Her gir vi deg ei oversikt over dei vanlegaste situasjonane der dokumentavgifta blir heilt eller delvis redusert.

Dersom du meiner å ha rett på eit av fritaka, må du skrive paragrafen som heimlar fritaket i punkt 3 i skøytet. Du må også skrive nokre ord om kva fritaket som gjeld, særleg når fritaksheimelen har fleire alternativ. Eksempel: "Tomteverdi, jf. stortingsvedt. § 3, første overføring av fullstendig nyoppført bygning." I tillegg må du også legge ved nødvendig dokumentasjon. Det kan vere lurt å gi ei nærmare forklaring i eit følgjebrev. Viss du ikkje finn ein fritaksgrunn som passar til din situasjon, må du betale full dokumentavgift.

Avgiftsberekninga og spørsmål om eventuelle fritak blir avgjorde av tinglysingsstyresmakta når dokumenta er sende inn til tinglysing via ordinær postgang. Vi kan ikkje svare på konkrete avgiftsspørsmål på førehand.

Hugs at du må betale tinglysingsgebyr, sjølv om du har rett på fritak for dokumentavgift. Tinglysingsgebyret er 525 kroner per dokument som vert tinglyst. Les meir om kostnadar ved tinglysing.

  • Ektefellar, jf. stortingsvedtaket § 2 e).
    Tinglysing av skøyte som overfører eigedom mellom ektefellar under ekteskapet, er friteken for dokumentavgift. Dette gjeld alle eigedomar, både eigedomar i felleseige og i særeige.
  • Ektefellar ved dødsfall, jf. dokumentavgiftslova § 8.
    Tinglysing av skøyte som overfører eigedom til den attlevande ektefellen ved den andre ektefellens død, er friteken for dokumentavgift. Dette betyr at ein attlevande ektefelle som blir einig med dei andre arvingane om å overta huset eller hytta som den avdøde har grunnboksheimel til, ikkje treng å betale dokumentavgift ved tinglysing av skøyte frå medarvingane. Fritaket gjeld alle faste eigedomar, både felleseige og særeige.
  • Separasjon eller skilsmisse, jf. dokumentavgiftslova § 8.
    Ved separasjon eller skilsmisse er det fritak for overføring av eigedom i samband med skifte av felleseige, men ikkje for overføring av eigedom i særeige.
  • Samlivsbrot mellom sambuarar, jf. dokumentavgiftslova § 8 andre ledd.
    Ved overføring av fast eigedom mellom sambuarar i løpet av samlivet, må det betalast full dokumentavgift på vanleg måte. Ved samlivsbrot er det fritak for dokumentavgift ved overføring av felles bustad. Fritidseigedomar blir ikkje omfatta av fritaket. Vilkåra er at sambuarane har hatt felles folkeregistrert adresse i minst to år, eller ventar, har eller har hatt felles barn. Dersom grunnen til samlivsbrotet er at den eine sambuaren døyr, er det tilstrekkeleg med felles folkeregistrert adresse på dødsfallstidspunktet. Hugs å leggje ved nødvendig dokumentasjon. Les meir om dokumentavgift ved samlivsbrot.
  • Arv etter lova, jf. stortingsvedtaket § 2 f).
    Ved overføring av fast eigedom i samband med eit dødsfall, vil det ikkje bli fastsett dokumentavgift når eigedomen blir overførd til lovbestemte arvingar. Dette gjeld også ved utdeling frå uskifta bu. Forskot på arv blir ikkje rekna som arv etter lova og gir ikkje fritak. Arv som følgje av avkall eller avslag på arv blir ikkje rekna som arv etter lova og gir ikkje fritak. Testamentsarv som overstig arveparten etter lova gir heller ikkje fritak, med mindre testamentsarvingen overfører eigedomen vidare same dag. Les meir dokumentavgift ved arv.
  • Arv frå uskifta bu, jf. stortingsvedtaket § 2 f).
    Dersom ein attlevande ektefelle eller sambuar som sit i uskifte ønskjer å overføre ein eigedom til ein av førstavdøde sine arvingar, kan mottakaren krevje dokumentavgiftsfritak for den arveparten som han har krav på etter førstavdøde. I slike tilfelle er det viktig å halde den attlevande ektefellen sin part av felleseiget utanfor, og hugse at ektefellen også er arving til ein part av eigedomen. Sjå eksempel på korleis fritak for farsarv og morsarv vert utrekna.
  • Testamentsarv som blir overskøytt vidare, jf. stortingsvedtaket § 2 j).
    Dei som er tilgodesette med ein fast eigedom i eit testament, må i utgangspunktet betale full dokumentavgift. Dersom ein testamentsarving bestemmer seg for å selje eigedomen eller gi den vidare til nokon andre, og heimelserklæring og skøyte blir tinglyste same dag, blir det berre utrekna dokumentavgift ein gong, sjølv om det i realiteten skjer to overføringar. Les meir dokumentavgift ved arv.
  • Innløysing av festetomt, jf. dokumentavgiftslova § 7 fjerde ledd.
    Ved innløysing av festetomter, kan partane enten avtale ein innløysingspris, eller innløyse tomta til den prisen som følgjer av tomtefestelova. Hvis prisen er fastsett etter rettleiinga i tomtefestelova § 37, kan denne summen oppgjevast som avgiftsgrunnlag for dokumentavgift i skøytet. Om partane derimot avtalar ein annan innløysningssum, eller blir einige om at festaren overtek tomta vederlagsfritt, må ein følgje hovudregelen og betale full dokumentavgift av tomtas salsverdi. Les meir om innløysing og sletting av festerett.

  • Bygg under arbeid, jf. stortingsvedtaket § 3.
    Ved overføring av ein bygning som er under oppføring, skal du berre betale dokumentavgift av tomteverdien, ikkje bygningen. Dette gjeld utan avgrensingar om kor mange overføringar som vert gjort i perioden bygningen er under arbeid.
  • Gåve til allmennyttige formål, jf. stortingsvedtaket § 2 a).
    Det skal ikkje betalast dokumentavgift for gåve til det offentlege, til stiftelsar og legat med allmennyttige formål, eller til foreiningar med allmennyttige formål som har styresete her i landet. Dette gjeld både gåver som blir overførde med skøyte og gåver som er bestemt i testament. Det må gjerast ei konkret vurdering i kvar enkelt sak om det er fritak for dokumentavgift etter denne føresegna. Dei som meiner at dei fell inn under dette dokumentavgiftsfritaket, bør i eit følgjebrev gi ei kort framstilling for kvifor dei meiner fritaket skal gjelde i den konkrete saka. Les meir om kva kriterium som blir lagt til grunn i kapittel 3.1 i avgiftsrundskrivet frå Skattedirektoratet.
  • Oppløysing av sameige, jf. stortingsvedtaket § 2 d).
    Ved oppløysing av sameige, er det gitt fritak for dokumentavgift ved tinglysing av skøyte som fastset at sameigarar innvekslar tidlegare tinglyste ideelle sameigepartar med fysiske bestemte delar av ein eigedom. Dersom overskøytinga medfører verdiforskyving mellom sameigarane, skal det betalast dokumentavgift for den overskytande delen som ein sameigar får. Skøyter for overføring av sameigepartane må sendast inn samla, og så fort som mogeleg etter at delinga av eigedomen er tinglyst. Les meir om dokumentavgift ved oppløysing av sameige.

  • Burettslagsandelar
    Burettslagsandelar kan fritt omsetjast utan dokumentavgift. Dette gjeld alle overføringar og endringar i eigarforhold til burettslagsandelar. Grunnen til dette er at burettslagsandelar ikkje vert rekna for å vere fast eigedom. Overføringane fell dermed utanfor hovudregelen i Stortinget sitt vedtak om dokumentavgift § 1. Les meir om overføring av burettslagsandelar.
  • Festerett på ubygd tomt
    Overføring av reine bruksrettar, til dømes leigerett eller festerett til ubygd eigedom, utløyser ikkje dokumentavgift. Du betaler berre dokumentavgift ved endringar i eigarforholda til fast eigedom, altså kven som er eigar av bygningar eller grunn. Bruksrettar fell utanfor hovudregelen i Stortinget sitt vedtak om dokumentavgift § 1. Les meir om tinglysing av festekontrakt.
  • Svalbard
    Overføring av eigedom på Svalbard utløyser ikkje dokumentavgift. Det følgjer av lov om Svalbard § 2 at norsk privatrett og strafferett og den norske lovgjevinga om rettspleia gjeld for Svalbard, når ikkje anna er fastsett. Andre lovreglar gjeld ikkje for Svalbard, med mindre det er særskilt fastsett. Sidan dokumentavgiftlova ikkje står spesielt nemnt i svalbardlova, gjeld den ikkje på Svalbard.

Søknad om dispensasjon etter § 3 i dokumentavgiftslova

Dersom du ikkje har krav på eit av fritaka over, men meiner at det føreligg særskilde forhold i di sak, kan du søkje Skatteetaten, ved Skatt Øst om dispensasjon frå dokumentavgifta. Dette er bestemt i lov om dokumentavgift § 3.

Terskelen for å gje særskild dispensasjon i enkeltsaker er svært høg, og blir stort sett berre brukt i saker der det føreligg ein rettskraftig dom som seier at ein tinglyst heimelsovergang var ugyldig frå byrjinga av. Rettsavgjerder om omstøyting blir normalt ikkje godkjent som grunngjeving, heller ikkje sosiale, økonomiske, helsemessige, næringspolitiske eller sysselsettingsmessige forhold.

Les meir om dispensasjon i avgiftsrundskrivet kapittel 3.12.  

Dersom ein attlevande ektefelle eller sambuar som sit i uskifte ønskjer å overføre ein eigedom til ein av førstavdøde sine arvingar, kan mottakaren krevje dokumentavgiftsfritak for den arveparten som han har krav på etter førstavdøde. I slike tilfelle er det viktig å halde den attlevande ektefellen sin part av felleseiget utanfor, og hugse at ektefellen også er arving til ein part av eigedomen. Sjå eksempel på korleis fritak for farsarv og morsarv vert utrekna i artikkelen om dokumentavgift ved arv.