Som hovudregel skal det alltid betalast dokumentavgift med 2,5 % av eigedomen sin verdi når ein tinglyser eit skøyte. Det er likevel gitt nokre unntak i lova om dokumentavgift og i Stortingets årlege avgiftsvedtak. Eitt av fritaka gjeld sambuarar som skal overføre felles bustad i samband med samlivsbrot. Dette står i dokumentavgiftslova § 8.

Samlivsbrot

Dokumentavgiftsfritaket gjeld ikkje for sambuarar som ønskjer å overføre eigedom i løpet av samlivet. Det er berre ved samlivsbrot fritaket er aktuelt. Med "samlivsbrot" er meint eit endeleg opphøyr av sambuarskapet, medrekna når samlivet er avslutta på grunn av dødsfall.

Det ikkje nødvendig å dokumentere at sambuarane har gått frå kvarandre. Det er tilstrekkeleg å krysse av i skøytet at det gjeld opphøyr av sambuarskap.

Felles bustad

Fritaket gjeld berre ved overføring av sambuarane sin tidlegare felles bustad. Ved overføring av fritidseigedomar og andre eigedomar gjeld dei vanlege reglane om dokumentavgift, det vil seie at det skal reknast avgift av 2,5 % av eigedomen sin marknadsverdi på tinglysingstidspunktet.

Gjeld fritaket for alle sambuarar?

Nei, fritaket gjeld ikkje ved alle samlivsbrot. Med "sambuarar" i lova er meint to personar som har levd saman i eit ekteskapsliknande eller partnarskapsliknande forhold. Andre samlivsformer, for eksempel bukollektiv, fell utanfor fritaket. I tillegg oppstiller lova to alternative vilkår:

  1. sambuarane må anten ha hatt felles folkeregistrert adresse i minst to år før for brotet, eller
  2. vente, ha eller ha hatt felles barn.

1. Felles folkeregistrert adresse

Dersom sambuarane har hatt felles folkeregistrert adresse i meir enn to år, må dette dokumenterast med utskrift frå folkeregisteret. Utskrifta legg du ved skøytet når det blir sendt inn til tinglysing.

Det er ikkje et krav at sambuarane bur på den same adressa i heile toårsperioden. Dei kan flytte frå ein bustad til ein annan.

Dersom sambuarane i realiteten har budd saman i meir enn to år, men ikkje har hatt felles folkeregistrert adresse i heile denne perioden, blir det ikkje gitt fritak for dokumentavgift. Det er med andre ord ikkje tilstrekkeleg å leggje fram andre bevis på felles adresse, som for eksempel leigekontrakt, adresseendring hjå Posten eller liknande. Vilkåra i lova er tolka strengt på dette punktet, og krev at sambuarane si felles adresse har vore registrert i folkeregisteret i heile toårsperioden.

2. Barn

For dei sambuarane som har, ventar, eller har hatt felles barn, blir det ikkje stilt krav om felles folkeregistrert adresse. Felles barn må dokumenterast med fødselsattest eller legeerklæring om ventande barn.

Dødsfall

Dersom samlivet opphøyrer ved at den eine døyr, er det tilstrekkeleg at paret på tidspunktet for dødsfallet har felles folkeregistrert adresse i det som var deira felles bustad. Ved dødsfall blir det med andre ord ikkje stilt krav om to års butid.

Overføring av eigedom ved dødsfall, blir som hovudregel gjort ved å fylle ut heimelserklæring i samband med privat skifte. Dersom sambuaren ikkje er direkte arving til heile bustaden, men skal kjøpe heile eller delar av bustaden frå dei andre arvingane, må det i tillegg tinglysast eit skøyte frå arvingane til sambuaren. Sambuaren kan krevje dokumentavgiftsfritaket også i slike tilfelle, men då bør heimelserklæringa og skøytet sendast inn samtidig.

Utfylling av skøytet

Dersom vilkåra for å få fritak for dokumentavgift er oppfylt, og du har dokumentasjonen som viser dette, kan du krevje dokumentavgiftsfritaket når du sender skøytet til tinglysing. Dette skriv du i punkt 3 i skøytet, og teksten kan for eksempel formulerast slik: "Fritak ved samlivsbrot, jf. dokumentavgiftslova § 8". Ei meir utdjupande forklaring kan skrivast i følgjebrevet, og hugs å leggje ved nødvendig dokumentasjon som utskrift frå folkeregisteret, fødselsattest for barn eller liknande.