Fritaket for oppløysing av sameige gjeld ved innveksling av tidligare tinglyste sameigepartar med fysisk bestemte partar som i verdi svarer til den ideelle sameigeparten sameigaren hadde i det opphavlege sameige. Fritaksregelen står i dokumentavgiftslova § 7 femte ledd og Stortingets vedtak om dokumentavgift § 2 bokstav d.

Fullstendig og delvis oppløysing av sameige

Fritaket gjeld både ved fullstendig og fleire former for delvis oppløysing av sameige.

For det første vil ei fullstendig oppløysing falle inn under fritaksregelen. Dette gjeld eksempelvis viss fire personer eig ein eigedom i sameige, og dei ønsker å dele eigedomen i fire nye eigedomar.

Tilsvarande vil fritaket gjelde viss sameigarane i eksempelet ovanfor deler sameigeeigedomen i fire nye eigedomar, men samtidig ønsker å behalde ein bit av eigedomen i sameige, for eksempel eit fellesareal til parkering og veg. Dette er slått fast i Borgarting lagmannsretts dom av 29.04.2015 (LB-2014-204702).

Fritaket vil også gjelde dersom ein eller fleire av sameigarane får utskilt si eiga tomt, mens dei resterande sameigarane framleis skal vere sameigarar i det som er igjen av det opphavlege sameiget.

Kvar sameigeeigedom blir behandla for seg

Fritaket kan berre gjerast gjeldande når eit einskild sameige blir løyst opp. Dersom dei same personane eig fleire eigedomar i fellesskap, representerer kvar eigedom eit frittståande sameige som blir behandla separat.

Viss nokon eig fleire gards- og bruksnummer saman, med like sameigepartar i alle eigedomane, vil desse gards- og bruksnumra kunne bli sett på som ein eigedom og eit sameige. Dette er slått fast i Høyesterett si avgjerd av 17.03.2016 (HR-2016-606-A). Om fleire gards- og bruksnummer kan vere ein eigedom, og dermed falle inn under fritaksregelen, vil likevel være ei konkret vurdering i kvar enkelt sak.

Det som ikkje vil falle inn under fritaksregelen er om A og B eig ein sjøeigedom og ein fjelleigedom saman. Dei blir einige om å overføre ein ideell halvpart av kvar av eigedomane til kvarandre, slik at dei blir eineeigarar av kvar sin eigedom. I eit slikt tilfelle vil den einskilde eigedomen bli behandla som eit frittståande sameige, og overføringane mellom dei blir ikkje rekna som oppløysing av sameige.

Eigar av fysisk bestemte partar

For å falle inn under fritaket for dokumentavgift ved oppløysing av sameige, må oppløysinga medføre at den eller dei som går ut av sameiget blir eigar av bestemte fysiske partar. Dei må altså bli eineeigar av ein fysisk eigedom. I dei fleste tilfelle vil det vere krav om at eigedomen i sameige blir fysisk delt.

Dersom det er nødvendig å frådele nye eigedomar frå sameigeeigedomen, blir delinga gjennomført av kommunen, og dei nye tomtene får eigne bruksnummer. Kommunen sender melding til tinglysing, og deretter opprettar Kartverket eigne grunnboksblad for dei nye eigedomane.

Om fleire gards- og bruksnummer er å rekne som ein eigedom, er det ikkje nødvendigvis behov for å dele eigedomen opp i nye gards- og bruksnummer.

Les meir om frådeling av nye eigedomar.

Overskøyting av eigarpartar

Etter frådelinga er alle eigarane sameigarar i den eller dei fråskilte tomtene etter opphavleg sameigebrøk. For å gjennomføre oppløysinga av sameiget i grunnboka, må dei som skal ut av sameiget bli eineeigar av kvar sin eigedom. Dette gjer dei ved å fylle ut eit skøyte for kvar av dei fråskilte eigedomane. I skøyta overfører sameigarane sine eigarpartar til dei som skal ut av sameiget.

Om fleire gards- og bruksnummer er å rekne som ein eigedom, kan det vere at det ikkje er nødvendig å opprette nye eigedomar. Det kan vere at det er tilstrekkeleg å tinglyse skøyter.

Viss heile sameiget skal løysast opp, må alle sameigarane overføre eigepartane til kvarandre i skøyte, slik at kvar sameigar blir eineeigar av kvar sin eigedom.

For å få fullt fritak for dokumentavgift, må verdien av eigedomen som sameigaren får overført til seg svare til verdien av sameigaren sin sameigepart i det opphavelege sameiget. Om sameigaren innveklser en fysisk del som har ein høgare verdi enn verdien av sameigaren sin tidlegare sameigepart, må sameigaren betale dokumentavgift for den overskytande verdien.

Les meir om kva du skal sende inn til tinglysing ved oppløysing av sameige i Rundskriv for Tinglysingen kapittel 13.3.

Seksjonering og sletting av seksjonering

Fordeling av seksjonar mellom sameigarar i samband med seksjonering skal gjerast ved bruk av eit eige skjema: Fordeling av sameigeandelar ved seksjonering.

Les meir om seksjonering i Rundskriv for Tinglysingen kapittel 12.1.

Les også om sletting av seksjonering i Rundskriv for Tinglysingen kapittel 12.4. problemstilling nr. 4.