Privat eller offentleg skifte

Fordeling av arv kan skje ved eit privat eller eit offentleg skifte etter at ein person er død. Forskot på arv er rekna som ei "gåve" etter dokumentavgiftsreglane, og du kan derfor ikkje krevje avgiftsfritak for arv dersom du mottek fast eigedom frå nokon som lever.

Dokumentavgiftsreglane er dei same ved privat og offentleg skifte, men dokumenta som blir sende til tinglysing er forskjellige. Ved privat skifte, skal arvingane fylle ut eit skjema som heiter "Hjemmelserklæring om arv/skifte/uskifte", og leggje ved skifteattesten og eventuelle andre vedlegg. Ved offentleg skifte, fyller bustyraren ut eit skøyte direkte til den som skal ha eigedomen, og legg ved bustyrarattesten som dokumentasjon.

Arv etter lova - fritak

Dei som har krav på arv etter dei alminnelege reglane i arvelova, får fritak for dokumentavgift. Fritaket gjeld berre den ideelle delen som arvingen har krav på, uavhengig av kven som skal bli sitjande med heile eigedomen etter skiftet. Fritaksregelen står i Stortingets vedtak om dokumentavgift § 2 f).

Les meir om kven som er arvingar, og kor store arvepartar dei har krav på etter lova.

Ved privat skifte skal heimelserklæringa som hovudregel bli fylt ut med alle namna til dei som står på skifteattesten, med den brøken som kvar enkelt har krav på etter reglane i arvelova. Ei slik heimelserklæring kan tinglysast utan at det blir utrekna dokumentavgift. Dersom arvingane blir einige om at ein bestemt person skal overta heile eigedomen, må dei fylle ut eit skøyte i tillegg. Tinglysing av skøytet utløyser dokumentavgift etter vanlege reglar. 

Les meir om korleis du tinglyser eigarskifte ved dødsfall.

Ektefellar - fritak

Fast eigedom som blir overførd mellom ektefellar er friteke for dokumentavgift. Dette gjeld også ved eigedomsoverføring som følgje av dødsfall. Regelen står i dokumentavgiftslova § 8.

Ektefellen treng med andre ord ikkje å vere arving til heile eigedomen for å få fritak, men får fritak i eigenskap av å vere ektefelle. Dette betyr at ein attlevande ektefelle som blir einig med dei andre arvingane om å overta huset eller hytta, ikkje treng å betale dokumentavgift ved tinglysing av skøyte frå medarvingane. Hugs å skive fritaksgrunnen og lovheimelen i punkt 3 i skøytet.

Sambuarar - fritak for felles bustad

Dersom ein sambuar døyr, kan deira felles bustad overførast til den attlevande sambuaren utan dokumentavgift. Det er eit krav at paret hadde felles folkeregistrert adresse på tidspunktet for dødsfallet. Regelen står i dokumentavgiftslova § 8, og du kan krevje fritaket både ved overtaking i samband med skifte og uskifte. Heimelserklæring og skøyte bør sendast til tinglysing samtidig. Hugs å skrive fritaksgrunnen og lovheimelen på dokumentet.

Les meir om dokumentavgift ved samlivsbrot.

Andre eigedomar som ikkje var felles bustad, for eksempel ei hytte, kan ikkje overførast til den attlevande sambuaren utan dokumentavgift. Dette gjeld sjølv om sambuaren har krav på arv etter arvelova § 28 b. Grunnen til dette er at arveretten til sambuaren er sett til ein bestemt kronesum, noko som ikkje blir rekna å utgjere ein "ideell arveandel" etter Stortingets vedtak om dokumentavgift § 2 f). Dersom ein attlevande sambuar blir einig med dei andre arvingane om å overta hytta, må dei fylle ut eit skøyte og betale full dokumentavgift.

Utdeling av fallen arv frå uskiftebuet - fritak

Dersom ein attlevande ektefelle eller sambuar som sit i uskifte ønskjer å overføre ein eigedom til ein av førstavdøde sine arvingar, for eksempel til eit barn, kan mottakaren krevje dokumentavgiftsfritak for den arveparten som han hadde hatt krav på etter førstavdøde, for eksempel farsarv eller morsarv. Dette står i Stortingets vedtak om dokumentavgift § 2 f). I slike tilfelle er det viktig å halde den attlevande ektefellen sin part av felleseiget utanfor, noko som i dei fleste tilfelle betyr at det berre er halve eigedomen som blir fordelt mellom arvingane.

Eksempel 1 (felleseige): Ei enke sit i uskifte med ektefellane sitt felleseige, og ynskjer å overføre hytta til ein av dei tre sønene til ekteparet. Halvparten av hytta vil då utgjere enka sin part av felleseiget, og det er derfor berre den avdøde sin halvpart som skal gå i arv. Av denne halvparten skal enka sjølv arve 1/4 etter dei vanlege arvereglane. Saman med felleseigeparten vert dette 5/8 av heile hytta. 3/4 av arven står igjen til barna, det vil altså seie 3/8 av heile hytta. Denne parten må delast på talet barn. I dette eksempelet var det tre søner, og den eine sonen som skal overta hytta har då rett til å trekkje frå 1/8 av hytta sin verdi i utrekningsgrunnlaget for dokumentavgift. Dette er sonen sin arvepart etter faren.

Eksempel 2 (særeige): Dersom attlevande ektefelle sit i uskifte med ein eigedom som var den avdøde sitt særeige, så skal den attlevande ikkje ha ein obligatorisk halvpart, slik som i felleseigetilfella. Men hugs at den attlevande ektefellen like fullt er arving etter den avdøde, sjølv om eigedomen var denne sitt særeige. Brøken for utrekning av arveparten blir såleis 1/4 til ektefellen og 3/4 til barna. Dersom eit barn i ein søskenflokk på tre skal overta eigedomen aleine, kan han gjere frådrag for 1/4 av eigedomens verdi som arvepart etter sin avdøde forelder.

Les meir om kven som er arvingar, og kor store arvepartar dei har krav på etter lova.

Arv etter testament - ikkje fritak

Dei som er tilgodesette med ein fast eigedom i eit testament, må i utgangspunktet betale full dokumentavgift. Dersom testamentsarvingen også er arving etter reglane i arvelova, kan det gjerast fråtrekk for den lovregulerte arveparten.

Dersom ein fast eigedom er testamentert bort til det offentlege, eller til stiftelsar, legat eller foreiningar med allmennyttige formål, kan det i mange tilfelle bli gitt fritak for dokumentavgift etter regelen som står i Stortingets vedtak om dokumentavgift § 2 a). Om vilkåra er oppfylte i ei konkret sak blir avgjort på tinglysingstidspunktet, men du kan lese meir om kva moment som blir vektlagt i kapittel 3.1 i avgiftsrundskrivet om dokumentavgift.

Sjå avgiftsrundskriv om dokumentavgift (Skattedirektoratet).

Dersom ein testamentsarving bestemmer seg for å selje eigedomen eller gi den vidare til nokon andre, og heimelserklæring og skøyte blir tinglyste same dag, blir det berre utrekna dokumentavgift ein gong, sjølv om det i realiteten skjer to overføringar. Dette er bestemt i Stortingets vedtak om dokumentavgift § 2 j).

Les meir om testamentsarv som blir vidareseld.

Avkall og avslag på arv - ikkje fritak

Ein arving kan gi avkall på arv etter arvelova § 45, noko som vil endre den opphavlege arverekkjefølgja. Tilsvarande vil skje ved avslag på arv etter arvelova § 74. Den som trer inn som ny arving som følgje av dette, blir ikkje rekna som arving etter lova etter fritaksregelen i Stortingets vedtak om dokumentavgift § 2 f). Det blir med andre ord utrekna full dokumentavgift ved overføring til den nye arvingen.