Styret i burettslaget avgjer om to eller fleire burettslagsandelar skal slåast saman, jf. lov om burettslag § 3-2. Kartverket har ingen standardiserte skjema for tinglysing av ei slik samanslåing. Innsendar må følgjeleg laga eit eige dokument som skildrar samanslåinga.

Melding om samanføying

Brevet eller dokumentet som styret sender til tinglysing må innehalde:

  • Identifisering av burettslaget og andelane det gjeld - hugs full registernemning, dvs. burettslaget sitt namn, organisasjonsnummer og andelsnummer.
  • Identifisering av heimelshavarane til andelane, hugs fødselsnummer (11 siffer).
  • Kort forklaring på at det gjeld samanslåing, og informasjon av kva andelsnummer som skal stå att som identifikasjon for den samanslåtte burettslagsandelen.
  • Signatur av heile styret i burettslaget eller den/dei som har signaturrett i laget. Namna til dei som har signert bør gjentakast med blokkbokstavar.
  • Signatur av heimelshavarene. Namna bør gjentakast med blokkbokstavar.

Andelane som blir slått saman, må ha same heimelshavar

Viss det er ulike heimelshavarar på dei andelane som skal slåast saman, må skjema for overføring av heimel til andel i burettslag tinglysast. Skjema for heimelsoverføring må sendast inn for tinglysing anten før eller samtidig med tinglysing av samanslåing.

Last ned skjema og les meir om overføring av burettslagsandelar.

Unngå prioritetskollisjon

Samanføyinga må ikkje føre til prioritetskonfliktar mellom panthavarar. Det betyr at pantehefta må vere like på dei andelane som blir slått saman, eller at berre den eine andelen er pantsett. Dersom samanslåinga fører til prioritetskollisjon, kan dette løysast med tinglysing av prioritetsviking eller sletting.

Les meir om prioritetsviking.

Les meir om sletting av panterett.