Siste oppdatering

Overføre borettslagsandel

For å tinglyse at ein andel i burettslag skifter eigar, må du fylle ut og sende inn skjema for overføring av andel i burettslag. Burettslagsandelar er fritatt for dokumentavgift.

Fyll ut hjemmelsoverføring ved overdragelse

For å tinglyse ei overføring av ein borettslagsandel fyller du ut skjemaet "Overføring av hjemmel til andel i borettslag". Det gjeld overføringar i samband med sal og overføringar av andre grunnar. Du bruker også skjemaet dersom du skal justere eigarbrøken mellom sameigarar.

Når du fyller ut skjemaet skal du identifisere burettslagsandelen med burettslaget sitt organisasjonsnummer og andelen sitt andelsnummer. Dersom du er usikker på desse nummmera kan du kontakte forretningsføraren til burettsalget for meir informasjon.

Burettslagsandel eller sjølveigar

Burettslagsandel og sjølveigar er to ulike bustadformer. Denne artikkelen handlar om burettslagsandelar. Dersom du er usikker på kva bustadform din bustad har, kan du kontakte styret i sameiget for meir informasjon. For sjølveigarbustadar må du fylle ut skøyte for å få tinglyst heimelsoverføringa.

Les meir om skøyte.

Signatur og vitner

Skjemaet skal vere signert av den eller dei som eig og har grunnboksheimel til burettslagsandelen. Denne signaturen skal vere original og vere vitna av to personar.

Vitna skal vere to myndige personar som er fast busett i Norge. Vitna kan ikkje vere i nær familie med den eller dei som mottek burettslagsandelen. Det vil seie at ektefelle, foreldre, born eller sysken ikkje kan vitne signaturen til den som overfører burettslagsandelen.

Tinglysingsgebyr

Å tinglyse ei heimelsoverføring i ein burettslagsandel koster eit tinglysingsgebyr. Det er ingen dokumentavgift ved overføring av burettslagsandelar.

Her kan du sjå gebyroversikta.

Konsesjon

Du treng ikkje søkje om konsesjon når du kjøper eller mottek ein burettslagsandel.

Sjølv om du ikkje treng søkje konsesjon, så har nokon kommunar heilt eller delvis nedsatt konsesjonsgrense. Dersom burettslagsandelen ligg i ein slik kommune må du kontakte kommunen om du må fylle ut ei eigenfråsegn om konsesjonsfridom.

Dersom du treng det, så skal kommunen signere og stemple eigefråsegnet. Deretter sender du det saman med skjemaet som skal tinglysast til Kartverket. Eigefråsegna skal innehalda original signatur frå kommunen.

Les meir om konsesjon i tinglysingssaker.

For burettslagsandelar skal ikkje kommunen registere eigefråsegn i matrikkelen på gards- og bruksnummeret.

Adresse: Send dokumenta til:

Kartverket Ullensvang
Postboks 200
5788 Kinsarvik

Ofte stilte spørsmål

Del
XPPT