Hopp til innhold

Skøyte nynorsk

Du kan fylle ut skjemaet nedanfor på skjermen, eller du kan laste det ned og fylle det ut for hand. Du må skrive ut skjemaet og signere med penn i signaturfeltet før du sender det til tinglysing. Send skjemaet i to eksemplar til denne adressa:

Kartverket Tinglysing
Postboks 600 Sentrum
3507 Hønefoss

Hjelp til utfylling av skjemaet finn du i høgre marg eller nedst ved å klikke på det svarte bokmerket som heiter "Veiviser".

Last ned skjema

Veiviseren

Les meir om skøyte

Rundskriv for Tinglysingen kapittel 5 - Særlige problemstilingar knytt til bruk av skøyte.

Konsesjon - Sjekk om det er nødvendig å leggje ved konsesjonspapir.

Adresse

Kartverket Tinglysing
Postboks 600 Sentrum
3507 Hønefoss

Når skøytet er ferdig utfylt må du sende det i to eksemplar til adressa over. Det betyr at du anten må ta ein kopi av det ferdig utfylte skøytet eller lage ei avskrift ved å fylle ut to like skjema. Det eine eksemplaret blir arkivert hos Kartverket, og det andre blir sendt tilbake til deg når det er ferdig tinglyst.

Rettleiing til utfylling av skjema

Følg rettleiinga nedanfor dersom du er usikker på korleis skøytet skal fyllast ut.

Dersom du skal overføre ein eigedom frå ein død person, må du bruke eit anna skjema. Les meir om arv, skifte og uskifte.

SIDE 1

Innsendaren sitt namn (feltet øvst til venstre)

Skriv namn, adresse og fødselsnummer (11 siffer), eventuelt organisasjonsnummer til den som sender inn skøytet til tinglysing. Innsendaren vil motta det ferdig tinglyste dokumentet og faktura på tinglysingsgebyr og eventuell dokumentavgift. Merk at om du legg ved eit følgjebrev, vil den som har signert følgjebrevet blir rekna som innsendar uavhengig av kva som er fylt ut i skøytet. Les meir om kven som får fakturaen.

Les meir om kostnader ved tinglysing.

Feltet for referansenummer (Ref.nr.) er frivillig å fylle ut, og vil vere synleg på fakturaen som blir sendt frå oss. Referansenummeret kan maksimalt vere på seks teikn.

Til punkt 1 - Eigedomen(ane)

Fyll ut med kommunenummer og kommunenamn og gards- og bruksnummer til den eigedomen som skal overdragast. Felta Festenr. og Seksjonsnr. skal du berre fylle ut dersom eigedomen har slike nummer. Heilt til høgre, under ideell part må du skrive inn kor stor part av eigedomen som blir overdrege. Dette skal skrivast i brøk, for eksempel 1/1 eller 1/2. Dersom skøytet gjeld fleire gards- og bruksnummer kan dei påførast på linjer under kvarandre.

Dersom overføringa ikkje gjeld bygg på festa grunn, kryss av "nei" i det første feltet, og hopp over dei neste 3 felta. Dersom eigedomen er ein eigarseksjon, skriv sameigebrøken til seksjonen i felt 5. Denne kan du finne i kravet om seksjonering, og ofte nedst på grunnbokbladet til seksjonen. Opplysningar om sameigebrøk kan du også få opplyst på kundesenteret vårt, telefon 08700. 

Realsameige
Felt 6 om avhendingsloven § 3-4 gjeld overføring av tilhøyrsleeigedom, inkludert part i eit realsameige. Viss du kun har ført opp éin eigedom i punkt 1, skal du ikkje krysse av i dette feltet.
Hvis du overfører to eller fleire eigedomar samtidig, og brøken for ein av desse eigedomane er mindre enn 1/1, må du krysse "ja" eller "nei" i dette feltet. Når brøken som er mindre enn 1/1 er part i eit realsameige, krysser du "ja". Hvis du ikkje overfører en part i eit realsameige, krysser du "nei". Les meir om realsameige.  

Spesielt for festetomter

Gjeld overføringa bygg på festa grunn kryss av for dette. Kryss også ja for transport av festeretten. Dei neste felta gjeld om bortfestar skal godkjenne overføringa eller ikkje. Dersom du er usikker på kva du skal krysse av for bør du sjekke festekontrakten og eventuelt reglane i tomtefestelova. Underskrift frå bortfestaren blir påførd nedst på sida 2 på skøytet. Dersom skøytet gjeld innløysing av festa grunn, les meir om korleis du går fram for å slette festeretten og innløyse tomta.

Slag. Kryss av det som passar. Skriv gjerne arealet til eigedomen til høgre i same feltet.
Les meir om konsesjon.

Bruk av grunn. Kryss av det som passar.

Type bustad. Kryss av det som passar.

Til punkt 2 - Kjøpesum

Fyll ut alle felta. Kjøpesummen er det vederlaget som mottakaren betaler for eigedomen. Vederlaget vil i dei fleste tilfelle bestå av pengar, men kan også bestå av andre verdiar som overtaking av lån og liknande. Skriv den totale verdien av vederlaget i kroner. Dersom overføringa er ei gåve kan du skrive kr. 0,-.

Omsetningstype. Kryss av det som passar. Dersom overføringa er ei gåve mellom ektefeller, les meir om krav om ektepakt.

Til punkt 3 - Salgsverdi/avgiftsgrunnlag 

Her skal du skrive inn den summen som utgjer avgiftsgrunnlaget for utrekning av dokumentavgift. Dette er eigedomen sin salsverdi, også kalla dagens marknadsverdi, med andre ord den summen som eigedomen ville ha kunne blitt selt for på den frie marknaden i dag. Ved fritt sal vil avgiftsgrunnlaget i punkt 3 oftast vere det same beløpet som kjøpesummen i punkt 2. Dersom overføringa er ei gåve, eller du av andre grunner betaler mindre enn full marknadsverdi, må du likevel skrive full marknadsverdi som avgiftsgrunnlag i punkt 3.

Verdien som du skriv i dette feltet gjeld den delen av eigedomen som blir overførd. Dersom berre halvparten av eigedomen blir overførd, skal berre halvparten av eigedomsverdien påførast i dette feltet.

Dersom du har krav på fritak for dokumentavgift må du skrive paragrafen i dokumentavgiftslova eller stortingsvedtaket som heimlar fritaksregelen. Skriv også nokre stikkord om kva det gjeld, og legg ved nødvendig dokumentasjon.

Les meir om dokumentavgift og kva fritak som finst.

Om du ikkje har krav på fritak for dokumentavgift, og beløpa i punkt 2 og 3 er ulike, må du forklare oss kvifor beløpa er forskjellige. Viss du har kryssa av for «gåve», er dette god nok forklaring og du treng ikkje utdjupe nærare.

Til punkt 4 - Overdraging frå

Skriv namn og fødselsnummer (11 siffer) eller organisasjonsnummer på den eller dei som eigedomen blir overdregen frå. Heilt til høgre, under ideell part må du skrive inn kor stor part av eigedomen som blir overdrege. Dersom det er fleire overdragarar må du skrive kor stor eigarpart som skal overførast frå kven. Summen av brøkane i punkt 4 skal vere den same som i punkt 1 og punkt 5.

Til punkt 5 - Overdraging til

Sjå rettleiinga til punkt 4 som gjeld tilsvarande. Dersom ein eller fleire mottakarar er utanlandske statsborgarar må dei skrive D-nummer istadenfor fødselsnummer.
Les meir om D-nummer.
Feltet Fast busett i Noreg er ikkje nødvendige å fylle ut. 

Til punkt 6 - Særskilde avtalar

Feltet som gjeld opplysningar som skal og kan tinglysast skal du berre fylle ut dersom du har behov for det. Her kan du skrive inn nye avtalar om eigedomen som blir inngåtte i samband med overføringa. Dette kan for eksempel vere ein vegrett, bruksrett, vassrett, forkjøpsrett, eller andre rettar i fast eigedom. Reine økonomiske avtalar om betaling og lignande kan ikkje tinglysast.

Retten må skildrast så presist som mogeleg, og dersom den gjeld for ein bestemt stad på eigedomen bør du leggje ved ei teikning eller ei kartskisse. Den som får retten må skrivast med namn og fødselsnummer (11 siffer) eller organisasjonsnummer, eventuelt med gards- og bruksnummer dersom retten skal tilhøyre den som til eikvar tid eig ein bestemt eigedom. Dersom retten blir gitt av ein person som ikkje signerer i punkt 9 i skøytet, for eksempel ein nabo, må den som gir retten signere og skrive sitt fødselsnummer direkte i punkt 6.

Dato og utferdars underskrift (feltet nedst på arket)

Ved bruk av lause ark skal utferdaren signere nedst på alle arka. Utferdaren er den personen som gir frå seg eller sel eigedomen som skøytet omhandlar. Hugs at utferdaren også må skrive under i punkt 9.

SIDE 2

Til punkt 6 - Andre avtalar som ikkje skal tinglysast

Her kan du føre opp andre avtaler. Desse vil ikkje bli tinglyste.

Til punkt 7 - Fråsegn frå kjøparen/tileignaren ved overføring av bustadseksjon

Dette feltet skal du berre fylle ut dersom overføringa gjeld ein eller fleire bustadseksjonar.

Les eigarseksjonslova § 22 tredje ledd som set avgrensingar for kor mange seksjonar som kan kjøpast av ein og same person.

Til punkt 8 - Fråsegn om sivilstand

Kryss av for det som passar. Dersom eigedomen som blir overdregen er felles bustad for ektefellar eller registrerte partnerar må ektefellen eller partneren samtykkje til overføringa. Dette står i ekteskapslova § 32. Eit eventuelt samtykke skal påførast i eit eige felt under utferdars underskrift i punkt 9.

Til punkt 9 - Underskrifter og stadfestingar

Den som sel eller gir frå seg eigedomen skal signere her. Dersom seljaren/utferdaren er ein annan person enn den som har grunnboksheimel til eigedomen må også side 3 i skøytet fyllast ut. Dette er likevel ikkje nødvendig dersom utferdaren har fullmakt frå heimelshavaren. Les meir om kven som skal signere ved tinglysing

Ektefelle/registrert partner si underskrift Skal fyllast ut dersom overføringa gjeld felles bustad, jf. punkt 8.

Vitner Her skal den eller dei som opptrer som vitner signere.
Les meir om kven som kan vere vitne ved tinglysing.

Bortfestaren si underskrift Skal fyllast ut dersom det er nødvendig, jf. punkt 1.

SIDE 3 

Til punkt 10 og 11

Fyll ut side 3 dersom det er ein annan enn den som har grunnboksheimel til eigedomen som signerer som utferdar (seljar/overdragar) i punkt 9, og det ikkje er lagt ved fullmakt.

Alle sidene av skøytet skal sendast inn til tinglysing, også når side 3 ikkje er fylt ut.

dokumentavgiftslova eller stortingsvedtaket

Kundesenter

Telefon 09.00-15.00
08700
tinglysing@kartverket.no
 

Chat