Hopp til innhold

Heimelsoverføring, burettslagsandel - nynorsk

Du kan fylle ut skjemaet nedanfor på skjermen, eller du kan laste det ned og fylle det ut for hand. Du må skrive ut skjemaet og signere med penn i signaturfeltet før du sender det til tinglysing. Send skjemaet i to eksemplar til denne adressa:

Kartverket Ullensvang
Postboks 200
5788 Kinsarvik

Hjelp til utfylling av skjemaet finn du i høgre marg eller nedst ved å klikke på det svarte bokmerket som heiter "Veiviser".

Last ned skjema

Veiviseren

Les meir om overføring av burettslagsandelar.

Adresse

Kartverket Ullensvang
Postboks 200
5788 Kinsarvik

Når skjemaet overføring av heimel til andel i burettslag er ferdig utfylt må du sende det i to eksemplar til adressa over. Det betyr at du anten må ta ein kopi av det ferdig utfylte skjemaet eller lage ei avskrift ved å fylle ut to like skjema. Det eine eksemplaret blir arkivert hos Kartverket, og det andre blir sendt tilbake til deg når det er ferdig tinglyst.

Rettleiing til utfylling av skjema

Følg rettleiinga nedanfor dersom du er usikker på korleis skjemaet skal fyllast ut.

SIDE 1

Innsendar sitt namn og adresse (feltet øvst til venstre)

Skriv namn, adresse og fødselsnummer (11 siffer), eventuelt organisasjonsnummer til den som sender inn skjemaet til tinglysinga. Denne vil motta det ferdig tinglyste dokumentet og faktura på tinglysingsgebyr. Les meir om kostnader ved tinglysing.

Feltet for referansenummer (Ref.nr.) er frivillig å fylle ut, og vil vere synleg på fakturaen som blir sendt frå oss. Referansenummeret kan maksimalt vere på seks teikn.

Til punkt 1 - Opplysningar om burettslaget

Skriv inn namnet, adressa og organisasjonsnummeret til burettslaget. Dersom du ikkje har denne informasjonen kan du spørje forretningsføraren til burettslaget.

Til punkt 2 - Andelen

Her skal du skrive inn kva burettslagsandel som skal overdragast. Før opp namnet og organisasjonsnummeret til burettslaget saman med andelsnummeret til burettslagsandelen. Dersom overføringa gjeld fleire burettslagsandelar kan dei skrivast på linjer under kvarandre.

I feltet ”Ideell andel” til høgre skal du føre opp kor stor brøkdel av burettslagsandelen som skal overdragast. Som regel er det heile, og då blir brøken 1/1. Dersom overføringa berre gjeld halve burettslagsandelen skal du skrive brøken 1/2.

Kva blir andelen brukt til? Kryss av det som passar.

Type bustad. Kryss av det som passar.

Til punkt 3 - Kjøpesum

Fyll ut alle felta. Kjøpesummen er det vederlaget som mottakaren betaler for burettslagsandelen. Vederlaget vil i dei fleste tilfelle bestå av pengar, men kan også bestå av andre verdiar som overtaking av lån og liknande. Skriv den totale verdien av vederlaget i kroner. Dersom overføringa er ei gåve kan du skrive kr. 0.

Til punkt 4 - Overdraging frå

Skriv namn og fødselsnummer (11 siffer) eller organisasjonsnummer på den eller dei som burettslagsandelen blir overdregen frå. Heilt til høgre, under ideell andel, må du skrive inn kor stor andel som blir overdregen. Dersom det er fleire overdragarar må du skrive kor stor eigarpart som skal overførast frå kven. Summen av brøkane i punkt 4 skal vere den same som i punkt 2 og punkt 5.

Til punkt 5 - Overdraging til

Sjå rettleiinga til punkt 4 som gjeld tilsvarande. Dersom ein eller fleire mottakarar er utanlandske statsborgarar må dei skrive inn D-nummer istadenfor fødselsnummer. Les meir om D-nummer.

Til punkt 6 - Særskilte avtaler

Feltet som gjeld opplysningar som skal og kan tinglysast skal du berre fylle ut dersom du har behov for det. Her kan du skrive inn nye avtalar som blir inngåtte i samband med overføringa, som for eksempel ei spesiell vedlikehaldsplikt knytt til andelen. Reine økonomiske avtalar om betaling og lignande kan ikkje tinglysast. Rettar og plikter som er skildra i vedtektene til burettslaget skal ikkje tinglysast.

Dato og utferdar si underskrift (feltet nedst på arket)

Ved bruk av lause ark skal utferdaren signere nedst på alle arka. Utferdaren er den personen som gir frå seg eller sel burettslagsandelen som skjemaet omhandlar. Hugs at utferdaren også må skrive under i feltet for underskrifter og stadfestingar på side 2.

SIDE 2

Til punkt 7 - Fråsegn om sivilstand

Kryss av for det som passar. Dersom burettslagsandelen som blir overdregen er felles bustad for ektefellar eller registrerte partnerar må ektefellen eller partneren samtykkje til overføringa. Dette står i ekteskapslova § 32. Eit eventuelt samtykke skal påførast i eit eige felt under utferdar si underskrift nedanfor.

Underskrifter og stadfestingar

Den som sel eller gir frå seg burettslagsandelen skal signerer her. Det er viktig at signaturen blir skriven av den eller dei som er registrerte med grunnboksheimel til burettslagsandelen, eventuelt ved bruk av fullmakt. Les meir om kven som skal signere ved tinglysing.

Ektefelle/registrert partnar si underskrift

Skal fyllast ut dersom overføringa gjeld felles bustad, jf. punkt 7.

Vitne

Her skal den eller dei som opptrer som vitne signere. Les meir om kven som kan vere vitne ved tinglysing.

Kundesenter

Telefon 09.00-15.00
08700
tinglysing@kartverket.no
 

Chat