Hopp til innhold

Festekontrakt - nynorsk

Du kan fylle ut skjemaet nedanfor på skjermen, eller du kan laste det ned og fylle det ut for hand. Du må skrive ut skjemaet og signere med penn i signaturfeltet før du sender det til tinglysing. Send skjemaet i to eksemplar til denne adressa:

Kartverket Tinglysing
Postboks 600 Sentrum
3507 Hønefoss

Hjelp til utfylling av skjemaet finn du i høgre marg eller nedst ved å klikke på det svarte bokmerket som heiter "Veiviser".

Last ned skjema

Veiviseren

Les meir om tinglysing av festekontraktar

Rundskriv for Tinglysingen kapittel 11 - Særlige problemstillinger om tomtefeste.

Konsesjon - Sjekk om det er nødvendig å leggje ved konsesjonspapir.

Adresse

Kartverket Tinglysing
Postboks 600 Sentrum
3507 Hønefoss

Når festekontrakten er ferdig utfylt må du sende den i to eksemplar til adressa over. Det betyr at du anten må ta ein kopi av den ferdig utfylte festekontrakten eller lage ei avskrift ved å fylle ut to like skjema. Det eine eksemplaret blir arkivert hos Kartverket, og det andre blir sendt tilbake til deg når det er ferdig tinglyst.

Rettleiing til utfylling av skjema

Følg rettleiinga nedanfor dersom du er usikker på korleis festekontrakten skal fyllast ut.

SIDE 1

Innsendar sitt namn (feltet øvst til venstre)

Skriv namn, adresse og fødselsnummer (11 siffer), eventuelt organisasjonsnummer, til den som sender inn festekontrakten til tinglysing. Denne vil motta det ferdig tinglyste dokumentet og faktura på tinglysingsgebyr og eventuell dokumentavgift. Det blir ikkje utrekna dokumentavgift dersom det ikkje er bygningar på festetomta. Les meir om kostnader ved tinglysing.

Feltet for referansenummer (Ref.nr.) er frivillig å fylle ut, og vil vere synleg på fakturaen som blir sendt frå oss. Referansenummeret kan maksimalt vere på seks teikn.

Framfeste (avkryssingsfelt øvst til høgre)

Dersom festekontrakten gjeld framfeste må du setje eit kryss her. Framfeste betyr at bortfestaren berre har ein leigerett eller festerett til tomta. Sjå tomtefestelova § 42.

Til punkt 1 - Eigedomen(ane) 

Fyll ut med kommunenummer, kommunenamn, gards- og bruksnummer og eventuelt festenummer til tomta som skal festast vekk.

Er det bygningar på eigedomen? Kryss av det som passar. Dersom det er bygningar på tomta må det i tillegg sendast inn eit skøyte frå bortfestar som gjeld bygningane. Hugs også å leggje ved konsesjonspapir dersom det blir kravt. Les meir om konsesjon.

Arealet av tomta. Skriv inn arealet av festetomta. Dersom arealet utgjer ein mindre del av eit gards- og bruksnummer må det målast opp og tildelast eit festenummer. Ta kontakt med kommunen for spørsmål om dette.

Tomteverdi. Skriv inn marknadsverdien til tomta. Verdien av eventuelle bygningar er ikkje ein del av tomteverdien.

Kva skal grunnen brukast til? Kryss av det som passar.

Til punkt 2 - Bortfesting frå

Skriv inn namnet, fødselsnummeret (11 siffer) eller organisasjonsnummeret til bortfestaren. Bortfestaren er den som er registrert som eigar av grunnen (heimelshavar), eventuelt den som har ein tinglyst festerett dersom festekontrakten gjeld framfeste.

Ideell andel må fyllast ut dersom det er fleire bortfestarar på eigedomen. Andelen skal skrivast i brøk, og representerer kor stor del av eigedomen kvar enkelt av bortfestarane har grunnboksheimel til (halve eigedomen 1/2, ein tredjedel 1/3 osv.). Summen av brøkane i punkt 4 må til saman vere 1/1.

Til punkt 3 - Til

Fyll ut med namnet og fødselsnummeret (11 siffer), eller organisasjonsnummeret, til den som skal få ein festerett.

Ideell andel må fyllast ut dersom det skal vere fleire festarar. Alle festarane må førast opp med den brøkdelen dei skal ha av festeretten.

Til punkt 4 - Festeavgift pr. år

Skriv inn den summen som er avtalt som årleg festeavgift mellom partane. Festeavgifta blir regulert i kapittel III i tomtefestelova.

Til punkt 5 - Festetid

Fyll ut dette feltet dersom festeavtalen krev ei bestemt festetid. For nye festeavtalar som gjeld feste av tomt til bustad eller fritidshus, gjeld festet til det blir sagt opp av festar eller tomta blir innløyst. I desse tilfella kan du skrive "utan tidsavgrensing" i punkt 5. For andre typar festeavtalar, skriv du inn den avtalte festetida. Sjå tomtefestelova kapittel II. 

Til punkt 6 - Panterett for festeavgifta

Fyll ut dette feltet dersom de ønskjer å tinglyse panteretten til bortfestaren. Dersom feltet ikkje blir fylt ut har bortfestar ein lovfesta panterett for 3 års forfallen festeavgift etter tomtefestelova § 14. Dersom bortfestar sin panterett skal vike prioritet til fordel for ein annan rett kan det skrivast inn i feltet under. Les meir om prioritetsviking.

Til punkt 7 - Supplerande tekst

Feltet som gjeld opplysningar som skal og kan tinglyses skal du berre fylle ut dersom du har behov for det. Her kan du skrive inn avtalar som blir inngåtte i samband med festekontrakten. Dette kan for eksempel vere krav om samtykke frå bortfestar ved overføring av festeretten, vegrett, bruksrett, vassrett, forkjøpsrett, eller andre rettar i fast eigedom. Retten må skildrast så presist som mogeleg, og dersom den er stadfesta bør du leggje ved ei teikning eller ei kartskisse. Den som får retten må skrivast med namn og fødselsnummer (11 siffer) eller organisasjonsnummer, eventuelt med gards- og bruksnummer dersom retten skal tilhøyre den som til eikvar tid eig ein bestemt eigedom.

Dato og bortfestar og festar si underskrift (feltet nedst på arket)

Ved bruk av lause ark skal bortfestar og festar signere nedst på alle arka.

SIDE 2

Til punkt 8 - Rettar og vilkår

Informasjonen i dette punktet blir ikkje tinglyst. Fyll ut det som passar.

Til punkt 9 - Underskrifter

Bortfestar og festar signerer i dei tilviste felta, gjentek namnet med blokkbokstavar og fører på stad og dato.

Grunneigaren skriv under i det nedste feltet for samtykke frå grunneigaren dersom dette er ein framfestekontrakt. Det er ikkje nødvendig med vitner på signaturane.

Dato og bortfestar og festar si underskrift (feltet nedst på arket)

Ved bruk av lause ark skal bortfestar og festar signere nedst på alle arka.

Kundesenter

Telefon 09.00-15.00
08700
tinglysing@kartverket.no
 

Chat