Hopp til innhold

Erklæring om rett i fast eigedom - nynorsk

Du kan fylle ut skjemaet nedanfor på skjermen, eller du kan laste det ned og fylle det ut for hand. Du må skrive ut skjemaet og signere med penn i signaturfeltet før du sender det til tinglysing. Send skjemaet i to eksemplar til denne adressa:

Kartverket Tinglysing
Postboks 600 Sentrum
3507 Hønefoss

Hjelp til utfylling av skjemaet finn du i høgre marg eller nedst ved å klikke på det svarte bokmerket som heiter "Veiviser".

Last ned skjema

Veiviseren

Les meir om tinglysing av erklæring om rett i fast eigedom.

Adresse

Kartverket Tinglysing
Postboks 600 Sentrum
3507 Hønefoss

Når skjemaet er ferdig utfylt må du sende det i to eksemplar til adressa over. Det betyr at du anten må ta ein kopi av det ferdig utfylte skjemaet eller lage ei avskrift ved å fylle ut to like skjema. Det eine eksemplaret blir arkivert hos Kartverket, og det andre blir sendt tilbake til deg når det er ferdig tinglyst.

Rettleiing til utfylling av skjema

Følg rettleiinga nedanfor dersom du er usikker på korleis skjemaet skal fyllast ut.

SIDE 1

Innsendar sitt namn (feltet øvst til venstre)

Skriv namn, adresse og fødselsnummer (11 siffer), eventuelt organisasjonsnummer til den som sender inn skjemaet til tinglysing. Denne vil motta det ferdig tinglyste dokumentet og faktura på tinglysingsgebyr. Les meir om kostnader ved tinglysing.

Feltet for referansenummer (Ref.nr.) er frivillig å fylle ut, og vil vere synleg på fakturaen som blir sendt frå oss. Referansenummeret kan maksimalt vere på seks teikn.

Til punkt 1 - Heimelshavar (til eigedomen som retten skal hefte på)

Fyll ut med namn og fødselsnummer (11 siffer), eventuelt organisasjonsnummer, for personen som gir frå seg ein rett på eigedomen sin. Personen som blir skriven inn her må ha tinglyst grunnboksheimel til eigedomen det gjeld.

Til punkt 2 - Eiendommen (der retten skal hefte)

Fyll ut kommunenummer, kommunenamn, gards- og bruksnummer og eventuelle feste- og seksjonsnummer på eigedomen der retten skal gjelde. Dersom det for eksempel er snakk om ein vegrett skal du skrive inn eigedomen der vegen ligg.

Til punkt 3 - Rettshavar - fyll ut anten alternativ A eller B

Alternativ A skal du fylle ut dersom retten skal følgje ein eigedom, uavhengig av kven som til ei kvar tid eig den. Dette er eksempelvis vanleg ved tinglysing av vegrettar. Fyll ut med kommunenummer, kommunenamn, gards- og bruksnummer og eventuelle feste- og seksjonsnummer på eigedomen som får retten. 

Alternativ B skal du fylle ut dersom retten skal vere personleg, og berre skal gjelde ein eller fleire bestemte personar. Fyll ut namn og fødselsnummer (11 siffer), eventuelt organisasjonsnummer, til den eller dei som får retten. Eksempel på dette kan vere ein forkjøpsrett eller burett.

Dato og heimelshavar si underskrift (nedst på arket)

Ved bruk av lause ark skal heimelshavaren til avgivareigedomen signere nedst på alle arka.

SIDE 2

Til punkt 4 - Skildring av kva retten går ut på

Skriv ei kort tekstleg skildring av retten.Dersom retten gjeld eit bestemt område på eigedomen må du leggje ved kart, skisse eller skrive ei presis tekstleg forklaring av kvar på eigedomen retten gjeld. Dersom retten er eksklusiv og skal gjelde for meir enn 10 år kan det også vere eit krav om oppmåling. For spørsmål om dette kan du ta kontakt med kommunen. Du kan også lese meir om oppmålingsplikta i Rundskriv for Tinglysingen kapittel 14.4.

Til punkt 5 - Andre avtalar

Valfritt punkt. Her kan du skrive inn andre avtalar som ikkje kan tinglysast. Dette kan for eksempel vere økonomiske avtalar mellom partane. Tinglysingsstyresmakta vil ikkje ta stilling til teksten i dette punktet.

Til punkt 6 - Underskrifter

Her må den som har tinglyst grunnboksheimel til eigedomen der retten ligg signere. Dersom signaturen er vanskeleg å lese bør den gjentakast med blokkbokstavar for å gjere saksbehandlinga enklare. Det er ikkje nødvendig med vitne. Les meir om kven som skal signere ved tinglysing.

Dato og heimelshavar si underskrift (nedst på arket)

Ved bruk av lause ark skal heimelshavaren til avgivareigedomen signere nedst på alle arka.

Kundesenter

Telefon 09.00-15.00
08700
tinglysing@kartverket.no
 

Chat