Hopp til innhold

Tinglyse andeler i burettslag - nynorsk

Du kan fylle ut skjemaet nedanfor på skjermen, eller du kan laste det ned og fylle det ut for hand. Du må skrive ut skjemaet og signere med penn i signaturfeltet før du sender det til tinglysing. Send skjemaet i to eksemplar til denne adressa:

Kartverket Ullensvang
Postboks 200
5788 Kinsarvik

Hjelp til utfylling av skjemaet finn du i høgre marg eller nedst ved å klikke på det svarte bokmerket som heiter "Veiviser".

Last ned skjema

Veiviseren

Les meir om innregistrering av nye burettslagsandelar i grunnboka.

Adresse

Kartverket Ullensvang
Postboks 200
5788 Kinsarvik

Når skjemaet er ferdig utfylt må du sende det i to eksemplar til adressa over. Det betyr at du anten må ta ein kopi av det ferdig utfylte skjemaet eller lage ei avskrift ved å fylle ut to like skjema. Det eine eksemplaret blir arkivert hos Kartverket, og det andre blir sendt tilbake til deg når det er ferdig tinglyst.

Rettleiing til utfylling av skjema

Følg rettleiinga nedanfor dersom du er usikker på korleis skjemaet skal fyllast ut.

DEL 1 - Burettslaget

Returner til (feltet øvst til venstre)

Skriv namn, adresse og fødselsnummer (11 siffer), eventuelt organisasjonsnummer, til den som sender inn skjemaet til tinglysinga. Denne vil motta det ferdig tinglyste dokumentet og faktura på tinglysingsgebyr. Les meir om kostnader ved tinglysing.

Feltet for referansenummer (Ref.nr.) er frivillig å fylle ut, og vil vere synleg på fakturaen som blir sendt frå oss. Referansenummeret kan maksimalt vere på seks teikn.

Til punkt 1 - Opplysninger om burettslaget

Skriv inn namnet, adressa og organisasjonsnummeret til burettslaget, og kven som er forretningsførar for burettslaget.

Til punkt 2 - Tal på andelar i burettslaget

Fyll ut med det totale talet burettslagsandelar som blir registrerte i dette skjemaet.

Til punkt 3 - Utferdars underskrift

Utferdar av dette dokumentet er styret i burettslaget. Heile styret eller nokon som har signaturrett må signere i dette feltet. Dersom signaturane er vanskelege å lese bør namna gjentakast med blokkbokstavar for å gjere saksbehandlinga enklare.

DEL 2 - Andelane

For kvar nye andel i burettslaget skal du fylle ut eitt eksemplar av del 2.

Til feltet namnet på burettslaget og organisasjonsnummer 

Skriv inn namnet og organisasjonsnummeret til burettslaget. Dette skal vere likt som i punkt 1.

Til punkt 4 - Andel

Fyll inn alle felta.

Andelsnr. Her skal du skrive andelsnummeret til den andelen som skal registerast. Andelsnummeret skal vere unikt i burettslaget. Det må bestå av berre tal, men kan ikkje innehalde meir enn fem siffer.
Bustadadresse. Her skal du skrive den fysiske adressa til bustaden som er knytt til andelen. Adressa skal vere unik for kvar andel og skal bestå av kommunenummer, adressekode (tidl. gatekode), gatenamn, husnummer (og eventuell bokstav) og brukseiningsnummer. Ta kontakt med kommunen dersom du ikkje har alle desse nummera. Dersom andelen ikkje har eit registrert brukseiningsnummer hos kommunen er det ikkje nødvendig å fylle ut feltet.

Andelseigars namn og adresse. Her skal eigaren av andelen stå oppførd med namn og adresse saman med fødselsnummer eller organisasjonsnummer. Dersom det er fleire eigarar til ein burettslagsandel skal feltet ideell andel fyllast ut for kvar eigar. Her skal du skrive kor stor andel av burettslagsandelen kvar eigar skal ha. Andelen skal skrivast i brøk og brøkane må til saman bli 1/1.

Kva blir andelen brukt til? Kryss av det som passar.

Type bustad. Kryss av det som passar.

Til punkt 5 - Særskilte avtaler

Her kan du skrive inn nye avtalar som blir inngåtte i samband med registreringa av andelen. Rettar og plikter som er tatt inn i vedtektene til burettslaget skal ikkje tinglysast.

Kundesenter

Telefon 09.00-15.00
08700
tinglysing@kartverket.no
 

Chat