Hopp til innhold

Heimelserklæring ved arv og skifte, burettslagsandel - nynorsk

Du kan fylle ut skjemaet nedanfor på skjermen, eller du kan laste det ned og fylle det ut for hand. Du må skrive ut skjemaet og signere med penn i signaturfeltet før du sender det til tinglysing. Send skjemaet i to eksemplar til denne adressa:

Kartverket Ullensvang
Postboks 200
5788 Kinsarvik

Hjelp til utfylling av skjemaet finn du i høgre marg eller nedst ved å klikke på det svarte bokmerket som heiter "Veiviser".

Last ned skjema

Veiviseren

Les meir om arv, skifte og uskifte.

Rundskriv for Tinglysingen kapittel 6 - Særskilte problemstillingar om arv, skifte og uskifte.

Adresse

Kartverket Ullensvang
Postboks 200
5788 Kinsarvik

Når heimelserklæringa er ferdig utfylt må du sende ho i to eksemplar til adressa over. Det betyr at du anten må ta ein kopi av den ferdig utfylte heimelserklæringa eller lage ei avskrift ved å fylle ut to like skjema. Det eine eksemplaret blir arkivert hos Kartverket, og det andre blir sendt tilbake til deg når det er ferdig tinglyst.

Rettleiing til utfylling av skjema

Følg rettleiinga nedanfor dersom du er usikker på korleis heimelserklæringa skal fyllast ut.

Innsendar sitt namn og adresse (feltet øvst til venstre)

Skriv namn, adresse og fødselsnummer (11 siffer), eventuelt organisasjonsnummer til den som sender inn heimelserklæringa til tinglysinga. Denne vil motta det ferdig tinglyste dokumentet og faktura på tinglysingsgebyr. Det er ikkje gebyr ved tinglysing av heimelserklæring i samband med uskifte.  Les meir om kostnader ved tinglysing.

Feltet for referansenummer (Ref.nr.) er frivillig å fylle ut, og vil vere synleg på fakturaen som blir sendt frå oss. Referansenummeret kan maksimalt vere på seks teikn.

Til punkt 1 - Andel

Fyll ut med informasjon om den burettslagsandelen som skal overdragast frå den avdøde. Fyll ut feltet for namnet og organisasjonsnummeret til burettslaget og feltet for andelsnummeret. Forretningsføraren til burettslaget har informasjon om desse nummera.

I feltet "Ideell andel" til høgre skal du føre opp kor stor brøkdel av burettslagsandelen som avdøde eigde. Ofte er det heile, og då blir brøken 1/1. Dersom den avdøde har heimel til halve burettslagsandelane, skriv inn brøken 1/2  i feltet ”Ideell andel”.

Kva blir andelen brukt til? - Kryss av det som passar.

Type bustad - Kryss av det som passar.

Til punkt 2 - Avdøde

Skriv fødselsnummeret (11 siffer) og namnet til den avdøde her.

Til punkt 3 - Heimel

Kryss av for kva dokument som blir brukt til å dokumentere kven som er arvingar, og legg dei ved. Dersom den avdøde har skrive eit testament, skal det alltid leggjast ved.

Til punkt 4 - Ny(e) heimelshavar(e)

Fyll ut namnet og fødselsnummeret til arvingane i buet. Andel skal skrivast i brøk, og representerer kor stor del av burettslagsandelen som blir overført til kvar arving (heile 1/1, halve 1/2 osv.). Summen av brøkane i punkt 4 skal vere den same som i punkt 1.

Dersom det ikkje er plass til alle arvingane i punkt 4, kan du lage eit eige vedlegg til dokumentet. Skriv "Sjå eige vedlegg" i punkt 4,  og merk vedlegget med ”Vedlegg til punkt 4”. Vedlegget kan du stifte på heimeserklæringa.

Dersom arvingane blir einige om at ein av dei skal overta burettslagsandelen aleine, må dei i tillegg fylle ut skjemaet ”Overføring av heimel til andel i burettslag”.

Til punkt 5 - Underskrift

Dette feltet skal i utgangspunktet signerast av alle arvingane som har overteke gjeldsansvaret i følgje skifteattesten, eller ein arving som har fått fullmakt frå dei andre arvingane. Feltet kan også signerast av eksempelvis ein advokat eller eigedomsmeklar. Les meir om kven som kan signere heimelserklæringa.

Dersom signaturane er vanskelege å lese bør dei gjentakast med blokkbokstavar for å gjere saksbehandlinga enklare.

Kundesenter

Telefon 09.00-15.00
08700
tinglysing@kartverket.no
 

Chat