Hopp til innhold

Heimelserklæring ved arv og skifte, fast eigedom - nynorsk

Du kan fylle ut skjemaet nedanfor på skjermen, eller du kan laste det ned og fylle det ut for hand. Du må skrive ut skjemaet og signere med penn i signaturfeltet før du sender det til tinglysing. Send skjemaet i to eksemplar til denne adressa:

Kartverket Tinglysing
Postboks 600 Sentrum
3507 Hønefoss

Hjelp til utfylling av skjemaet finn du i høgre marg eller nedst ved å klikke på det svarte bokmerket som heiter "Veiviser".

Last ned skjema

Veiviseren

Les meir om arv, skifte og uskifte.

Rundskriv for Tinglysingen kapittel 6 - Særskilte problemstillingar om arv, skifte og uskifte.

Konsesjon - Sjekk om det er nødvendig å leggje ved konsesjonspapir.

Adresse

Kartverket Tinglysing
Postboks 600 Sentrum
3507 Hønefoss

Når heimelserklæringa er ferdig utfylt må du sende ho i to eksemplar til adressa over. Det betyr at du anten må ta ein kopi av den ferdig utfylte heimelserklæringa eller lage ei avskrift ved å fylle ut to like skjema. Det eine eksemplaret blir arkivert hos Kartverket, og det andre blir sendt tilbake til deg når det er ferdig tinglyst.

Rettleiing til utfylling av skjema

Følg rettleiinga nedanfor dersom du er usikker på korleis heimelserklæringa skal fyllast ut.

Innsendar sitt namn (feltet øvst til venstre)

Skriv namn, adresse og fødselsnummer (11 siffer), eventuelt organisasjonsnummer til den som sender inn heimeleserklæringa til tinglysing. Denne vil motta det ferdig tinglyste dokumentet og faktura på tinglysingsgebyr og eventuell dokumentavgift. Det er ikkje gebyr eller dokumentavgift ved tinglysing av heimelserklæring i samband med uskifte. Les meir om kostnader ved tinglysing

Feltet for referansenummer (Ref.nr.) er frivillig å fylle ut, og vil vere synleg på fakturaen som blir sendt frå oss. Referansenummeret kan maksimalt vere på seks teikn.

Til punkt 1- Eigedomen(ane)

Fyll ut med informasjon om den eigedomen som skal overdragast frå den avdøde. Fyll ut feltet for kommunenummer, kommunen sitt namn, gardsnummer og bruksnummer. Dersom eigedomen er gitt eit festenummer eller seksjonsnummer, må også desse nummera førast på.

I feltet for ”Ideell andel” skal det førast opp kor stor brøkdel av eigedomen avdøde eigde. Ofte er det heile eigedomen, og då blir brøken 1/1. Dersom den avdøde har heimel til halve eigedomen, skriv inn brøken 1/2  i feltet ”Ideell andel”.

Omsetninga gjeld bygg på festa grunn. Kryss av det som passar.

Slag. Skriv gjerne arealet til eigedomen til høgre i same feltet. Les meir om konsesjon.

Bruk av grunn. Kryss av det som passar.

Verdi. Dette feltet skal du berre fylle ut dersom arvingane må betale dokumentavgift. Før opp verdien for den ideelle andelen av arven som er dokumentavgiftspliktig. Dokumentavgiftsgrunnlaget blir fastsett etter eigedomen sin marknadsverdi på tinglysingstidspunktet. Les meir om dokumentavgift ved arv, skifte og uskifte.

Type bustad. Kryss av det som passar.

Til punkt 2 - Avdøde

Skriv fødselsnummeret (11 siffer) og namnet til den avdøde her.

Til punkt 3 - Heimel

Kryss av for kva dokument som blir brukt til å dokumentere kven som er arvingar, og legg dei ved. Dersom den avdøde har skrive eit testament, skal det alltid leggjast ved.

Til punkt 4 - Ny(e) heimelshavar(ar)

Fyll ut namnet og fødselsnummeret til arvingane i buet. Andel skal skrivast i brøk, og representerer kor stor del av eigedomen som blir overført til kvar arving (heile eigedomen 1/1, halve 1/2 osv.). Summen av brøkane i punkt 4 skal vere den same som i punkt 1.  Dersom det ikkje er plass til alle arvingane i punkt 4, kan du lage eit eige vedlegg til dokumentet.Skriv " Se eige vedlegg" i punkt 4, og merk vedlegget med ”Vedlegg til punkt 4”. Vedlegget kan du stifte på heimeserklæringa.

Dersom arvingane blir einige om at ein av dei skal overta eigedomen aleine, må dei i tillegg fylle ut eit skøyte.

Til punkt 5 - Underskrift 

Dette feltet skal i utgangspunktet signerast av alle arvingane som har overteke gjeldsansvaret i følgje skifteattesten, eller ein arving som har fått fullmakt frå dei andre arvingane. Feltet kan også signerast av eksempelvis ein advokat eller eigedomsmeklar. Les meir om kven som kan signere heimelserklæringa.

Dersom signaturane er vanskelege å lese bør dei gjentakast med blokkbokstavar for å gjere saksbehandlinga enklare.

Kundesenter

Telefon 09.00-15.00
08700
tinglysing@kartverket.no
 

Chat