Er du berre på jakt etter eit kart på nettet (norgeskart, eigedomskart etc,), kan du gå rett til oversikt over nettkarta våra. Ynskjer du å ta utskrift av Kartverkets kart, kan du gå til tenesta "Mitt turkart". 

Leitar du etter historiske kart, kan du gå vidare til historiske kart-sida vår.

Fleire kart-lenker finn du på kart-sida vår.

Kart og kartdata for nedlasting

Følgjande datasett frå Kartverket er tilgjengeleg for gratis nedlasting via Geonorge.no. Vi tilrår at du les vidare i denne artikkelen før du opnar dei ulike lenkene for å laste ned datasett, særleg om du er usikker på korleis du skal gå fram og kva slags kunnskapar som trengst for å ha fullt utbytte av datasetta våre.

Datasetta kan nyttast i tråd med Kartverkets vilkår for bruk. 

Har du spørsmål og tilbakemeldingar, kontakt oss via "Veiviseren".

Brukarrettleiing

Vi har laga ei brukarrettleiing for kartdata som det kan vere nyttig å lese før du byrjar å laste ned kartdata. I den er det tips og rettleiing om ulike format og aktuell programvare - for nybyrjarar og for litt meir vidarekomne.

Mest for profesjonelle

Kartdatasetta blir frigitt i så lite bearbeidd form som mogleg. Dette gjer at profesjonelle utviklarar får størst mogleg spelerom til å utvikle sine eigne produkt og tenester basert på Kartverkets data.

Formata for topografiske vektordata, grenser, vegdata og stadnamn er SOSI og PostGIS, og terrengmodellane er lagt ut som USGS og DEM. N50-N5000 Kartdata finst dessutan som ESRI filgeodatabase, og PostGIS database.

Les meir om korleis du kan laste ned noregskartet som database.

Dette inneber at det særleg er profesjonelle utviklarar og GIS-medarbeidarar som i første omgang vil ha størst utbytte av mange av dei nedlastbare datasetta. Tanken er at desse kan bruke kartdata til å utvikle nye løysingar som kan vere til nytte for mange.

Kart for ”vanlege folk”

Det er likevel ikkje alle dei nedlastbare datasetta som er vanskeleg tilgjengeleg for folk flest.

Du kan til dømes sjølv ta utskrift av karta våre på - og får då ei utskrift med same kartkvalitet som trykte kart, og kartet vil bli henta rett frå våre databasar og vere heilt oppdatert. Les meir om turkart for utskrift.

Våre historiske kart kan alle og einkvar enkelt sjå på, eller laste ned og til dømes ta utskrift av. Gå vidare til historiske kart-sida vår.

N50 Kartdata, som ligg til grunn for den landsdekkande kartserien Norge 1:50 000, finst som MrSID-filer. Det inneber mellom anna at ”vanlege” folk kan laste ned datasettet til smarttelefon eller nettbrett og få flotte, detaljerte og oppdaterte fylkes- og noregskart. Du får heile Norge inn på mobilen og treng ikkje vere avhengig av mobildekning for å lese kartet. Ein kan zoome inn på den minste høgde eller sti, eller bruke det som oversiktskart for ein stad, ein kommune, fylke eller heile landet. Koplar du på mobil-GPS-en, kan du sjå kor du er i kartet.

Les korleis du får heile Noreg rett i lomma.

Illustrasjonskart

Alle kan også enkelt laste ned illustrasjons-og oversiktskarta våre. Dei er laga i format som gjer at ein kan opne filene med ulike typar programvare.

Sjå eigen artikkel med brukarrettleiing for illustrasjonskarta våre.

Sjå digitale kart

I tillegg til at den enkelte kan laste ned datasetta, har Kartverket også lagt til rette for gratis visning av kart og kartdata. ”Vanlege folk” som berre ynskjer å sjå digitale kart på internett, utan å laste dei ned, kan gå til Kartverkets  norgeskart.no og seeiendom.no. Desse hentar fortløpande oppdaterte data direkte frå databasane våre og viser detaljerte kart for heile landet.

I norgeskart.no kan du til dømes zoome inn på nett det utsnittet du treng til ein fjelltur, og ta ein utskrift som du puttar i sekken. Du kan også teikne i kartet sjølv, til dømes markere ei rute, du kan legge til tekst, og du kan dele det med andre per e-post eller i sosiale medium. Skal du planlegge ein treningstur, kan du nytte kartet til å lage ein høgdeprofil.

Ønsker du å sjå dei ferskaste flybileta frå til dømes heimstaden din, kan du vitje www.norgeibilder.no.

Sjå oversikt over alle dei digitale kartløysingane til Kartverket.

Tenester for utviklarar

Kartverket tilbyr også gratis wms-/cachetenester, søkjetenester og prosesseringstenester - til systemutviklarar,  programmerarar og andre som ynskjer å legge det inn på eigne nettsider og kartløysingar. Desse tenestene hentar data mellom anna frå grunnkart og tematiske kart.

Les meir Kartverkets tenester.