Innsyn i postjournalen

Postjournalen til Kartverket er ein del av ein felles Offentlig elektronisk postjournal (OEP). Der kan du søkje i saksdokument som blir registrert i Kartverket og bestille det du ønskjer innsyn i.

Gå til Offentlig elektronisk postjournal.

Vel "Statens kartverk" i feltet nederst på sida ("Velg en eller flere virksomhet/er"). 

I postjournalen finn du alle ugraderte dokument som er journalført. Dokument som er gradert etter tryggingslova og beskyttelsesinstruksen, ligg ikkje i den offentlege journalen.

Innsyn i panteboka

Tinglyste dokumentet blir lagt i panteboka hjå Kartverket. Etter forskrift om gebyr for tinglysing mv. § 5 tredje ledd skal det betalast eit gebyr ved utlevering av desse dokumenta.

Bestill kopi av tinglyste dokument.

Innsyn i tinglysingsregisteret

Dokument som kjem inn til Kartverket for tinglysing, blir ført i eigen journal i tinglysingsregisteret.

Gå til journal for tinglysingsregisteret.

Dokumenta som kjem inn, blir sende attende til innsendar etter tinglysing. Vi vil difor i mange tilfelle ikkje ha det brevet som er journalført. Men i journalen vil du uansett kunne sjå kva for saker tinglysinga har mottatt.